Søndagstankar 24. august: Bibelmisbruk

Kva skjer når vi misbruker Bibelen og andre religiøse tekstar? Les sokneprest Arne Moltubak sine søndagstankar for 11. søndag i treeining.

Publisert:

Søndagstankar 24. august: Bibelmisbruk

På sitt beste gjev Bibelen og andre heilage tekstar nyttige og gode perspektiv på livet. Dei hjelper oss til å sjå og forstå sider ved oss sjølve og den verda vi lever i som vi ikkje så lett hadde fått auge på utan. Kollega Kristian Myklebust skriv godt og sant om dette i søndagstankane for to veker sidan.

Dessverre viser både historia og samtida at dei same tekstane kan misbrukast. Medvite eller medvitslaust nyttar vi dei heilage tekstane til å fremje eigne tankar, eigne mål og visjonar på eit vis som øydelegg og gjer andre menneske sine liv vanskelegare enn dei hadde trengt å vere.

Antisemittisme

Denne veka kunne vi lese to dagsaktuelle døme i avisa Vårt Land. Tirsdag kritiserte den norske jøden Michael Gritzman Vårt Land for å publisere lesarinnlegget «Ingen blankofullmakt til folkemord» (publisert 12.8). Ifølge Gritzmann inneheld innlegget «mange av de verste beskyldningene mot jøder og jødedom fra Europas lange, antisemittiske historie». 

Eg les det aktuelle innlegget noko annleis enn Gritzmann. Eg les det som ein kritikk av dei israelske styresmaktene og kristne som forsvarar desse, ikkje som kritikk av det Israelske folket, jødar eller jødedommen som sådan. Men så er heller ikkje eg jøde. Eg les med mine kristne, norske briller. Han les med sine jødiske. Sjølvsagt gjer han det og då les han noko anna enn meg. Innlegget til Gritzmann viser kor viktig det er å hugse at andre ofte les og høyrer noko anna enn det vi prøver å skrive og seie.

Misbruk av Toraen

Dagen etter kunne vi lese i same avis at 80 rabbinarar hadde skrive opprop og bede den israelske regjeringa om å stoppe svoltkrisa på Gaza og fordøme valden på Vestbreidda. I artikkelen seier rabbinar Joav Melchior mellom anna: «Israels regjering er ikke et religiøst organ, men de bruker ofte religiøst språk for å rettferdiggjøre sine handlinger.» Han held fram: «Jeg mener den israelske regjering misbruker Toraen. Da er det kjempeviktig å stå frem og si det.»

Dei jødiske rabbinarane kritiserer modig den israelske regjeringa for å misbruke det religiøse språket til å fremje eigen vilje og visjon som i ytterste konsekvens fører til naud, svolt og vald.  Begge desse døma manar oss til varsemd i møte med dei heilage tekstane. På sitt beste gjev dei håp og framtid. På sitt verste bringer dei død, frykt og avstand. Vi er ansvarlege både for vår eiga lesing og for det vi seier og skriv i ulike fora.

Søndagens tekst

Ulike tolkingar av denne veka sin evangelietekst (og mange andre) har opp gjennom historia  skapt eit unødig skilje mellom jødisk og kristen tru og danna grunnlag for både antisemittisme og jødeforfølging. Jødane vert representantar for det vonde, dei som har misforstått, medan kristne vert dei gode, dei som har forstått. Slike tolkingar er  både farlege og ubibelske!

Lat oss difor legge vinn på å lese teksten som om det er oss Jesus snakkar med og ikkje dei «jødane som var komne til tru». Kva skjer då? Kanskje er det nettopp denne trongen til å skape skilje mellom oss og dei vi treng å verte sett fri frå?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"