Søndagstankar 22. november: Når vi møter dei minste, møter vi Kristus

Diakon Betty Søvik skriv om Domssøndag eller Kristi Kongedag i søndagstankane denne veka.

Publisert:

Søndagstankar 22. november: Når vi møter dei minste, møter vi Kristus

Domssøndag, eller Kristi kongedag, er ein dag som minner oss om at historia vår har eit mål. Ein dag skal Kristus kome att som konge og dommar. I Matteusevangeliet møter vi eit sterkt bilete av denne dagen. Menneska blir skilde frå kvarandre, slik ein gjetar skil sauene frå geitene.

Men det som kanskje er mest utfordrande i teksta, er kva Jesus legg vekt på. Det handlar ikkje om makt, status, rikdom eller kor mykje vi har fått til her i livet. Det handlar om korleis vi har møtt våre medmenneske. «Det de gjorde mot ein av desse minste, det gjorde de mot meg.» Desse orda får meg til å stoppe opp. For kven er eigentleg dei minste i samfunnet vårt i dag?

Vi lever i ei verd der krig og konflikt framleis øydelegg menneskeliv. Barn veks opp i frykt, familiar blir drivne på flukt, og menneskjer mister heimane og tryggleiken sin. Samstundes ser vi menneske som blir diskriminerte, avviste eller haldne utanfor på grunn av bakgrunnen sin, trua si, livssituasjonen sin eller fordi dei på ulike måtar skil seg frå fleirtalet.

Også i våre eigne lokalsamfunn finst det menneske som ber på ei kjensle av ikkje å høyre til. Nokre blir møtt med fordommar. Andre opplever at dei ikkje blir aksepterte for den dei er, eller at dei må skjule delar av seg sjølve for å bli godtekne.

I Matteus 25 seier ikkje Jesus at vi først skal undersøkje om mennesket er lik oss, om vi er einige med det, eller om vi meiner at det lever på den rette måten. Jesus peikar på den svoltne, den framande, den sjuke og den som sit i fengsel. Han identifiserer seg med menneske som treng omsorg og fellesskap.

Det er ei utfordring til oss som menneske og som kyrkje. Kan vi forkynne nestekjærleik og samstundes bidra til at nokon kjenner seg mindre verdifulle? Kan vi snakke om Guds kjærleik dersom enkelte menneskjer opplever at døra til fellesskapet er stengd for dei?

Jesaja 57,15 gir oss eit vakkert og sterkt bilete av Gud. Han er høg og heilag, men bur også hos den som er knust og nedbøygd i ånda. Gud er ikkje berre nær dei sterke og sjølvsikre. Han er også nær dei som kjenner seg små, dei som har mista motet, og dei som opplever å stå utanfor. Guds storleik viser seg ikkje ved at han held avstand til dei svake, men ved at han bøyer seg ned og møter dei med kjærleik.

Domssøndag kan lett bli oppfatta som ein dag som handlar om frykt og straff. Men tekstane minner oss også om håp og ansvar. Det er Kristus som er dommaren, ikkje vi. Derfor bør vi vere varsame med å døme andre, setje menneska i båsar eller avgjere kven som er innanfor og kven som er utanfor.

Vår oppgåve er ikkje å gjere livet vanskelegare for menneskjer som allereie føler seg avviste. Vår oppgåve er å møte kvarandre med respekt, rettferd og nestekjærleik.

Kanskje er den viktigaste utfordringa denne søndagen å spørje oss sjølve: Kven er det eg ikkje ser? Kven er det eg held på avstand? Er det nokon som ikkje kjenner seg velkomne i fellesskapet vårt? Og kva kan eg gjere for at fleire skal få kjenne at dei høyrer til? For kanskje er det nettopp der vi møter Kristus – i mennesket vi så lett kunne ha gått forbi.  

God søndag!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"