Søndagstankar 21.desember: Ein lovsong frå livets lågaste punkt!

Maria syng som ei som ikkje passa inn, ei som lett kunne ha blitt oversett. Ei ung jente som stod utan makt, utan status og utan trygg framtid. Likevel våga ho å stemme i med jubel: «Mi sjel høglovar Herren… for store ting har han gjort mot meg.» Les diakon Betty Søvik sine søndagstankar for 4.søndag i advent.

Publisert:

Søndagstankar 21.desember: Ein lovsong frå livets lågaste punkt!

I Lukas 1, kan vi lese Marias lovsong, varme og modige ord, sterke ord som ho syng midt i si uvisse og frykt.

Eg kjenner meg att i mykje av dette. Mange gongar tenkte eg at livet var for stort og eg for liten. Eg bar på bekymringar som eg trudde kunne velte meg når som helst. Men gong etter gong erfarte eg at Gud såg meg. I små glimt og i store overraskingar kom det hjelp – ikkje alltid slik eg hadde tenkt, men alltid når eg trengte det mest. Mange gongar såg framtida mørk ut. Det var dagar då eg lurte på om eg kom til å klare det som låg framfor meg. Og når eg ser tilbake på mitt eige liv, kjenner eg at eg òg kunne ha sunge ein slik lovsong. For kvar utfordring eg har møtt vart ei dør opna, og det kom hjelp eg ikkje kunne ha planlagt sjølv. For kvar sorg eg har båre på, kom ei trøyst. Nokre gonger var det andre menneske som såg meg, andre gonger kom det ein styrke eg ikkje før hadde sett i meg sjølv.

Maria syng som ei som ikkje passa inn, ei som lett kunne ha blitt oversett. Ei ung jente som stod utan makt, utan status og utan trygg framtid. Likevel våga ho å stemme i med jubel: «Mi sjel høglovar Herren… for store ting har han gjort mot meg.»

Kva slags mot treng ein for å synge slik midt i si uvisse? Maria hadde ikkje kontroll på livet sitt. Ho visste at folk kunne misforstå, at vegen framover kom til å bli tung. Ho hadde mykje å vere redd for. Framtida hennar var ikkje enkel, og ho visste det. Likevel valde ho å løfte blikket og sjå på det Gud gjorde, ikkje på det ho mangla, men på den nåden ho hadde fått.

Når Maria syng at Gud «lyfter opp dei låge» og «mettar dei svoltne», er det ikkje store, teoretiske ord. Det er ord frå ei som har opplevd ubehag. Det betyr ikkje at alt vart enkelt. Maria fekk ei vandring full av både smerte og glede. Slik er det for oss òg. Livet er ikkje polert, og det treng heller ikkje vere det. Men midt i kvardagskampen ligg denne trøysta: Gud gløymer ikkje dei som kjenner seg små. Marias lovsong handlar ikkje om at livet blir lett. Ho syng ikkje at alt blir ordna slik ho vil. Ho syng fordi Gud er trufast – også når livet røyner på. Det er ein lovsong frå eit ordinært liv, ikkje frå ei glansbilete-verd.

Slik er det for oss òg. Vi står i kvardagar som ikkje alltid glinsar. Vi møter økonomiske bekymringar, sjukdom, uro og alt det livet krev av oss. Men midt i det kan vi halde fast på Marias ord: Gud løfter dei låge, mettar dei svoltne og går med sitt folk. Gud gløymer ikkje sitt eige, ikkje då – og ikkje no.

Difor kan også vi stemme i med vår eigen lovsong: Takk, Gud, for at du ser oss. Takk for at du lyfter oss når vi fell, ber for oss når vi slit, og elskar oss når vi tvilar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"