Hausten sin oppstodedag, er denne komande søndagen kalla. No som vi ser at det nærmar seg haust og vinter, kjem denne søndagen med lys og håp til oss. Lasarus, venen til Jesus er død, og alle sørger. Vi les også at Jesus gret og viser kjensler. Jesus veit naturleg nok at det er mennesket sin lagnad å møte døden. I hans tid var det ikkje vanleg å leve meir enn berre førti år. Men likevel vel Jesus å gjere eit av sine største under. Jesus seier at den som trur skal bli reist opp frå dei døde. Dei som sørger tolkar dette i overført tyding, at det er noko som skal skje i det hinsidige. Men Jesus ropar på Lasarus utanfor grava. Ei latterleg scene, kanskje blinda av sorg, tenker nokon. Men der kjem Lasarus ut, nestan som frå ei scene i ein skrekkfilm, berre at det skjer rett framfor auga deira.
Oppvekkinga av Lasarus har blei ståande som eit frampeik på kva som skulle skje med Jesus sjølv i påsken. Og det er også eit frampeik på kva som venter den som trur. Denne fortellinga har også blitt parafrasert i mange bøker og filmar.
Men først av alt er dette ei fortelling om håp. Det viser oss at Jesus ikkje berre fer med tomme ord, men at han også har makt bak orda sine. Alle undera han gjer, dei er teikn, skriv Johannes-evangeliet. Når vi summerer opp alle teikna, peikar alle i retning av at Jesus verkeleg er Guds son, den som overvann døden for oss.
I møte med haust og vinter vert minna om påsken, om lyset og håpet. Vi er ikkje åleine i vårt strev, Jesus, vår ven, går med oss.
Espen Aarseth, sokneprest
