«Ho stiller høge krav både til seg sjølv dei rundt henne.» Slike utsegn kan ein ofte høyre om suksessrike idrettsleiarar, politikarar på toppnivå eller leiarar i næringslivet. Bak stor suksess ligg det ofte høge krav, uvanleg stor arbeidsinnsats og ein god porsjon forsaking. Jesus var ein slik leiar, ein leiar med høge krav. I vår lutherske tradisjon kjem det ofte litt i skuggen av bodskapen om nåden åleine. Les vi fortellingane slik dei står ser vi likevel at Jesus stilte uvanleg høge krav, både til seg sjølv og til dei rundt seg.
I søndagens tekst har Jesus og følget hans vendt snuten mot Jerusalem. Dei vandrar frå landsby til landsby på veg mot det som ligg framom. Langs vegen møter dei fleire som ynskjer å verte med i følget. Det er i dette møtet at Jesus presenterer sine forventningar til dei som vil vere med i rørsla hans.
Her må ein vere budd på ein enkel livsstil og gjere knallharde prioriteringar. Her må både nattesvevn, familie og anna vike for det eine viktige; forkynninga av Guds rike. Vil du vere med, må du gå inn med heile deg og alt du har.
Eg kjenner at Jesus treff noko i meg. Er eg villig til ei slik radikal etterfølging? Er eg villig til å ofre det som trengs? Og kva er det eigentleg som trengs? Dei første kristne var sterke førebilete. Dei ofra både familie og arbeid for å halde vitnesbyrdet om Guds kjærleik levande. Mange har gått i deira fotspor, levd enkle liv og gitt alt dei er og har. Men må vi alle det?
Sjølv er eg nok ikkje der at eg kan legge til side alt anna. Ikkje trur eg nødvendigvis Jesus vil det heller. Kanskje var det meir eit tidsavgrensa krav til ei lita gruppe den gong enn eit allment krav til alle som vil vere med å bidra? Eg lèt meg likevel inspirere både av dei første kristne og alle dei som gjennom 2000 år har lagt bort alt for å følge Jesus og dele den gode bodskapen. Eg lèt meg inspirere av offervilje, tolmod, mot og livskraft. Eg lèt meg utfordre til å tenke gjennom eigne prioriteringar av både tid, pengar og krefter.
Og så trur og håpar eg at Gud med glede tek imot mine og dine små og store bidrag til å gjere verda til ein betre stad sjølv om vi ikkje lever heilt opp til idealet. Slik kan vi, i vår tid, på vår stad og med våre heilt vanlege liv også vere med å forkynne Guds rike her vi bur.
