Søndagstankar 17.mai: Gud er alltid større!

Opp gjennom tidene har det vore mange som har vore sikre på å vere på Guds side: Gud er min, Gud er vår! Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 17.mai.

Publisert:

Norsk flagg i solskin
Norsk flagg i solskin

Ein Gud på vår side?

Opp gjennom tidene har det vore mange som har vore sikre på å vere på Guds side. Eller heller: sikre på at Gud er på akkurat deira side: Gud er på mi side, i denne krigen! Gud er på mi side, i denne kampen! Gud er på vår side, mot denne motstandaren vår! Gud er min, Gud er vår!

Det er jo lett å skjøne at vi menneske tyr til Gud på denne måten: Vi treng å vite at vi er på den rette sida, at vi kjempar for det gode, at vi er på veg i den rette retninga. Då tenker vi kanskje at Gud er ein som kan garantere for dette.

Problema med ein slik måte å tenke på dukkar likevel raskt opp: Er det verkeleg slik at Gud er på visse nasjonar og folk sitt «parti»? Kva om alle hevdar dette- alle kan vel ikkje ha rett? Og: Kva når det vi ser tvert i mot står i strid med all fornuft og etikk?

I vår eiga tid ser vi til dømes forsøk på å legitimere okkupasjon og krig som noko som fremjar Guds sak, som noko heilagt. Den russisk-ortodokse kyrkjeleiinga skyr slett ikkje eit slikt språk for å bygge opp under den fryktelege krigføringa i Ukraina, og vi ser kor gale det går.

Ein liten gud!

Nei, vi kan og skal ikkje bruke den kristne trua vår for å vere sikre på at vår sak er Guds sak, at vi har Gud på vårt lag. Ein slik gud vert berre ein gud i vårt bilete, det vert ein liten gud. Ein gud vi lagar oss sjølv, er jo ikkje Gud! Ein slik gud vi lagar oss for å vere på vårt lag, er jo ikkje verkeleg, kan ikkje vere kjærleiken si djupe kjelde, den levande Gud som kan nå oss menneske med sin kjærleik.

«Gud er Gud, om alle land lå øde! Gud er Gud om alle mann var døde!» Salmestrofa frå Petter Dass er stadig ei nyttig påminning, også på 17.mai: Gud er alltid mykje større, større enn våre interesser og parti og konfliktlinjer. Denne innsikta har også prega landet vårt gjennom hundreåra. Eg trur eigentleg dette har vore ei langt viktigare innsikt enn tanken om at Gud skal vere på vår side: Menneska lever sine liv her i dette landet, i semje og i usemje, i fred og i strid, i gode tider og i vanskelege tider, noko endrar seg og noko er ved det same- men i alt dette er det mange som har visst: «Frå slekt til slekt varer Guds miskunn over dei som ottast han!» (Luk.1,50)

Gud er alltid større!

Og Gud som er større enn våre lag og grupper og klanar og slekter og nasjonar, gløymer heller aldri dette: Menneska er grunnleggande sett skapt til fellesskap, til samfunn, til tilhøyrigheit, og ikkje til kamp og konkurranse og konflikt. Lat oss heller ikkje gløyme det på nasjonaldagen vår: Vi takkar for alt vi har fått, for alt det gode vi har fått i dette landet, gjennom historia og no i dag. Vi kan vere glade i dette vakre landet, setje pris på det som er kjempa og gråte fram av rettar, av plikter, av institusjonar, av kultur. Samtidig hugsar vi på at han vi får kalle vår Gud, ikkje er berre vår: Vi eig han ikkje! Vi rår ikkje over Gud! Vi kan ikkje ta han til inntekt for våre prosjekt!  

For Gud er alltid større, Gud er Skaparen av himmel og jord, av alle folk, til alle tider. Hans omsorg strekkjer seg alltid lenger ut, hans rike står gjennom alle tider, varer lenger enn alle land og nasjonar. Guds kjærleik når alltid lenger ut og lenger inn, dit vår omsorg og kjærleik ikkje når. For Gud er alltid større! I dag og til alle tider- i slekt etter slekt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"