Søndagstankar 15.juni: Det godes problem

Kvifor er det så mykje som er godt i verda? Korleis har det seg at eg kan elske og bli elska? Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til Treeiningssøndag.

Publisert:

Treeininga, ikon av Andrej Rublev
Treeininga, ikon av Andrej Rublev

Det vonde sitt problem

Det vonde sitt problem er eit stort problem i den kristne trua: Dersom Gud er god og skapar av alle ting, kvifor eksisterer det vonde? Kvifor lid menneska som Gud elskar? Kvifor skjer dette vonde meg, kvifor hender dette oss? Spørsmålet kan formulerast på mange måtar. Framlegga til svar er mange, men spørsmålet vert likevel ståande, utan eit endeleg svar.

Men kvar kjem godleiken frå?

Eit anna problem, som kanskje ikkje er like mykje snakka om, er det motsette: Det gode sitt problem! Kvifor eksisterer eigentleg det gode? Kvifor er det så mykje som er godt i verda? Korleis har det seg at eg kan elske og bli elska?

Det kristne svaret på dette problemet er heller ikkje ei forklaring på alle ting. Kristendom er ikkje eit fullstendig leksikon, med svara på alle spørsmåla, gåtene og problema i eksistensen. Det er heller eit stort lys over det heile, der vi leitar og undar og spør, og det er nokre retningar og svar vi får leve i og med.

Godleiken kjem frå Gud, er det kristne svaret. Kjærleiken kjem frå ei stor kjelde som aldri går tom: Frå den tre-einige Gud. Det gode er, fordi Gud er! Når Jesus i dagens bibeltekst «opnar forstanden deira så dei kunne skjøne skriftene», får læresveinane eit blikk inn i mysteriet: Gud som elskar verda, har sjølv kome til verda han elskar for å vise sin kjærleik til menneska. Når Jesus døyr og står opp att, oppfyller han kjærleiken si store lov og opnar ein ny veg for heile skaparverket! Det som var lova frå gammal tid, om berging for menneska og eit håp om at lidinga og døden ein gong skal forsvinne, kjem nær i Jesus Kristus.

Den treeinige dansen

Nokre av dei tidlege kristne skildra Den tre-einige Gud som ei rørsle i kjærleik og fellesskap, ja faktisk som ein dans: Faderen og Sonen og Den heilage Ande er i seg sjølv kjærleik. Dei gir og tek i mot kjærleik, strekkjer seg stadig mot kvarandre. Denne rørsla gjer at verda og menneska blir skapt: Fordi kjærleiken alltid strekkjer seg utover, aldri berre søkjer sitt eige, men mot den andre. Fordi Gud elskar, vert alle ting til. Fordi Gud er kjærleik, er kjærleiken til- og difor kan vi også elske kvarandre!

 

Salme 656: Kjærleik er gleda

Kjærleik er gleda, uendeleg sterk.

Kjærleik er krafta som syng om Guds verk.

Kjærleik er godleiken, ekte og sann.

Gud er i kjærleiken, den kjem frå han.

 

Kjærleik er fryden i songen som kling.

Kjærleik er håpet som når alle ting.

Kjærleik er motet som gjer at du kan.

Gud er i kjærleiken, den kjem frå han.

 

Kjærleik er lyset når alt synest svart,

kjærleik er heilskapen du har erfart,

kjærleik er tillit frå venen du fann.

Gud er i kjærleiken, den kjem frå han-

 

Kjærleik er Skapar og Ande og Son,

 kjærleik er Gudsriket, gjeve som lån,

kjærleik er vegen dei heilage fann.

Gud er i kjærleiken, den kjem frå han

 

Tekst: Alison M. Robertson

Omsetjing: Heidi Strand Harboe

Melodi: John Bell

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"