Søndagstankar 15. november: Tru for meg!

Sokneprest Arne Moltubak skriv om å tru for kvarandre og om å kvile i fellesskapet si tru i søndagstankane denne veka.

Publisert:

Søndagstankar 15. november: Tru for meg!

«Bere mei,» seier dei små borna når dei små føtene begynner å bli slitne og ikkje orkar å gå lengre: «Pappa bere mei!» «Mamma bere mei!». Lenge får dei det som dei vil og slepp å gå den tyngste bakken på eigne bein. På eit eller anna punkt veks dei seg likevel for store og skjønar at det ikkje lenger nyttar. No må vi gå sjølve.

Kjensla av å ikkje orke meir kan vi likevel få lenge etter at vi har blitt for store til å berast. Kjensla av at no er det for mykje, inni meg eller rundt meg. No skjønar eg ikkje korleis eg skal gå eitt einaste skritt til, gjere ei oppgåve til på jobb eller henge opp ein klesvask til heime.

Når livet strammar seg til og kreftene tar slutt kan og trua få seg ein knekk. For nokre er det slik at når vi verkeleg treng trua, då kjennes den lengst unna og minst tilgjengeleg. Når vi verkeleg treng ein stad å vende oss, då er det som om tåka har tetna seg til også i trua sitt landskap.

Då er det godt at tru, djupast sett, ikkje er noko vi gjer åleine, men i lag. I vårt individualistiske samfunn er tru i stor grad blitt eit personleg føretak, noko vi gjer på eiga hand. I sitt vesen er likevel den kristne trua eit fellesskapsprosjekt, noko vi gjer i lag. Når mi tru sviktar, kan di tru bere meg og når di tru er svak, kan du finne styrke i mi. Saman kan vi finne kvile i kyrkjelyden sin felles, klage, takk og tilbeding.

Det var slik det var for den lamme mannen i Kapernaum også. Han var heilt avhengig av hjelp. Han kunne ikkje gå og blei fysisk boren av fire vener. Kanskje var det like viktig at dei fire trudde for han. Då Jesus såg korleis dei fire venene fira mannen ned frå taket var det ikkje mannen si tru, men deira tru han såg: «Då Jesus såg trua deira…». Vi veit ikkje noko om kva mannen tenkte eller trudde der han låg på båra. Vi veit ikkje om han hadde tru på denne desperate handlinga eller berre ikkje orka å protestere. Men det vi veit, er at dei fire venene hans trudde nok til å gjere det som måtte gjerast.

Så kan kanskje også vi få kvile i fellesskapet si tru, når livet strammar seg til. Så kan kanskje også vi kvile i at om vi sjølve ikkje greier å tru eller be eller håpe, så er det nokon som gjer det for det oss. Og så ein dag er det vår tur. Vår tur til å tru, håpe og be for ein eller ei som ikkje maktar å gjere det sjølve.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"