14.desember: Søndagstankar

«Det einaste som går av seg sjølv er forfallet», har nokon sagt. Les sokneprest Espen Aarseth sine søndagstankar for 3.søndag i advent

Publisert:

En adventsstake der tre av fire lys er tent. Julen nærmer seg i kirken.

Og den som har eigedom, bygningar eller gard, kan nok ofte oppleve det slik. Ein kan ikkje tru at eit nybygd hus for alltid vil vere like fint og velholdt. Same kva reklamen seier, finst det eigentleg ikkje noko som er «vedlikehaldsfritt».

Slik er det også med dei usynlege byggverka som vi menneske omgir oss med, tenker eg. For kultur, tru, verdiar gjelder dei same lovene der som i den fysiske verda. Det skal ikkje mykje til for å riva ned ein god kultur på ein arbeidsplass, til dømes. Og det kan vere vanskeleg å stable på beina gode verdiar igjen, der gode tradisjonar har forsvunne. Og stabile institusjonar som til dømes demokratiet kan no i fleire land synast å vakle. Dette viser oss at også våre usynlege byggverk treng vedlikehald.

Slik er det også med trua vår, trur eg. Vi treng å vere i kontakt med noko som kan gi oss inspirasjon og håp. I Bibelen kan vi lese at Gud kalla menn og kvinner til å vere slike som minna folket på kva som var deira eigentlege identitet.

Slik trer også døyparen Johannes inn på scena. Vend om frå det vonde, seier han, søk heller det gode livet som Gud vil vise dykk! Johannes blir ein slags vegryddar for Jesus. Johannes veit godt at han sjølv ikkje er Messias, men at hans oppgåve er å førebu folket. Han minner dei på at dei er Guds folk.

I dag lever vi i ei verd med mange stemmer som vil påverke oss. Det finst influensarar for kvar ei interesse. Dette kan også fortone seg kaotisk for mange. Advent-og juletida minner oss på gamle tradisjonar som vi må vedlikehalde for at dei ikkje skal forsvinne. For slik er det: Viss mange nok sluttar å gjere noko, så vert det gløymt!

Vi lever i ei tid med større interesse for den kristne trua enn før, fortel statistikken. Stadig fleire finn vegen til kyrkjene. Kanskje blir vi dregne mot noko som kan gi oss identitet i ei omskifteleg verd. Ein stad der vi igjen får høyre om kva som er vår djupaste identitet. Kanskje ligg det vi leitar etter nærare enn det vi trur!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"