Messa vert bygd på same mal som tidligare år. Det vert kafè, åresal, tombola og loddsal. Dørene opnar klokka 1130 og klokka 1300 vert det samling med prosjektinfo, andakt og korsong ved barnekoret PopKorn frå Vartdal. Rundt klokka 1500 vert det trekning av loddboka.
Etter mange år med trufast støtte til Det norske misjonselskap sitt arbeid i Thailand, har kyrkjelyden no inngått avtale om å støtte arbeidet i Estland dei tre neste åra. I Estland samarbeider NMS med Den estiske evangelisk-lutherske kyrkja (EELK) om å plante livskraftige kyrkjelydar og skape nye møtestader. I tillegg vert barne- og
ungdomsarbeidet i kyrkja støtta. Du kan lese meir om arbeidet i Estland på NMS sine heimesider.
Vel møtt til ein triveleg dag med eit godt føremål!
