Bli med på kransebinding!

Har du lyst til å lage ein heimelaga krans til allehelgen, men synes det er vanskeleg eller trist å gjere det åleine? Laurdag 24. oktober har du sjansen til binde ein krans saman med andre. Les her om påmelding, tid og stad.

Publisert:

Foto: Den norske kirke / Helene Moe Slinning
Foto: Den norske kirke / Helene Moe Slinning

Det nærmar seg Allegelgen. Allehelgensdag er ei tid for å minnast, tenne lys og finne rom for sorg og takksemd. På kyrkjegardane blir gravene pynta med blomar, grøne kvistar og lys som skin i haustmørket. I denne tida kan det å lage sin eigen krans vere ei fin førebuing. Med naturmateriale som granbar, mose, lyng og konglar kan ein skape ei personleg helsing til nokon ein saknar. Naturen gir inspirasjon, og hausten byr på mange vakre materiale som kan brukast i ein krans.

I førebuinga til allehelgensdag inviterer Alvhild Bjørke Strømme og diakon Betty Søvik til kransebinding på Kyrkjekontoret i Vikegata 5,  laurdag den. 24 oktober 2026, kl.11:00-16:00. Vi har heis. Meld deg på ved å ringe eller sende ei melding til Betty Søvik, mobil nr. 46500243.

I ei tid der mykje går fort, kan kransebinding vere ein fin måte å senke tempoet på. Vere med på ei stund med ro og kreativitet. Her får  ein bruke fantasien og konsentrere seg om det ein held på med. Tankane får vandre, og ein kan oppleve ei ro som det elles kan vere vanskeleg å finne i ein travel kvardag.

Her blir det høve til å lære, prøve seg fram og lage ein krans med eigne hender. Ein treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er lysta til å vere med. Kvar krans blir ulik, og nettopp det er noko av sjarmen. Nokre likar det naturlege og enkle, med mose, greiner og konglar, medan andre føretrekkjer fargar, band og dekorative detaljar.

For somme kan det å lage ein krans vere ei konkret handling for å vise kjærleik og minnast nokon som har gått bort. Andre kjem kanskje først og fremst for å lære noko nytt, eller møte andre til hyggeleg samvær. Det er plass til alt dette. Fellesskap og handverk kan gi gode møte mellom menneske, også når temaet er alvorleg.

Ein heimelaga krans treng ikkje vere perfekt eller overdådig. Det personlege preget er ofte det som gjer han spesiell. Når kransen seinare får plass på ei grav eller heime, kan han vere ei stille helsing til ein som framleis har ein viktig plass i hjartet vårt.

Kransebinding er meir enn pynt. Det er ei moglegheit til å skape noko vakkert, dele ei stund med andre og førebu seg til allehelgensdag med omtanke og varme.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"