17. mai i kyrkjene våre

Det nærmar seg 17. mai, ein stor festdag for store og små. Det gjev djup meining å legge noko av feiringa denne dagen til kyrkja. I det heilage rommet kan vi både takke for alt det gode vi har fått og legge folket og landet vårt fram for Gud i bøn.

Publisert:

17. mai i kyrkjene våre

Det er gudsteneste i alle dei tre kyrkjene våre denne dagen. I Ørsta vert det først kransing av bautaen på kyrkjebakken klokka 1100, i år ved Marie Egset Haug. Klokka 1130 held vi fram med gudsteneste inne i kyrkja. Kristian Myklebust er liturg og predikant. Marie A Riise sit ved orgelet og har med seg både Arnulf Hjertvik på song og Jan Granum på kornett.

På Vartdal er det gudsteneste klokka 1030 med påfølgande kransing av bautaene utanfor kyrkja. Espen Aarset er liturg og John Inge Bjøringsøy sit på orgelkrakken. På Sæbø er det også gudsteneste klokka 1030. Her er Arne Moltubak liturg og Generasjonskorpset sørger for både musikk og akkopagnement til salmane.

Vi gler oss til å feire nasjonaldagen i kyrkjene våre!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"