Taizékveldsbøn i Ørsta kyrkje

I kveld onsdag 23.09 kl.20.00 er du velkomen til taizékveldsbøn i Ørsta kyrkje. Dette er ei kveldsbøn med kvilepuls inspirert av det økumeniske fellesskapet Taizé i Frankrike. Denne kvelden kjem vi nær Gud i stillheit og bøn, i bibeltekster og i song.

Publisert:

Taizékveldsbøn i Ørsta kyrkje

Songen er eit viktig element i kveldsbønene frå Taizé. Dei korte strofene som blir gjentekne er med på å gi bøna ein meditativ karakter. Dei korte strofene gjer det også enklare å syngje med. Med ganske få ord uttrykkjer dei nokre grunnleggjande aspekt ved trua som ein raskt kan ta til seg. Songane kan vere med å gi oss eit pusterom i ein hektisk kvardag, rette fokuset innover oss sjølve og vidare ut mot våre medmennesker. Denne kvelden kan ein tenne lys, vere med i song, bøn og refleksjon. Vi ynskjer deg varmt velkomen!

onsdag 23.09 kl.20.00
i Ørsta kyrkje.  

Sokneprest Espen Aarseth, kantor 
Marie A. Riise, Ørsta kyrkjekor, Steinar Rishaug - tverrfløyte, tekstlesarar. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"