Livspust i Ørsta kyrkje

Komande søndag får vi møte Jan Olav Baarøy i Livspust-gudsteneste kl 19.30

Publisert:

Livspust i Ørsta kyrkje
På søndag vert det Livspust-gudsteneste i Ørsta kyrkje kl 19.30.
 
Livspust er ei messe for heile livet, eit pusterom i kvardagen.
 
Denne søndagen skal vi verte meir kjent med Jan Olav Baarøy i samtale med prest Espen Aarseth.
 
Baarøy er oppvaksen i Ørsta men har hatt ei karriere med ei rekke leiarstillingar i inn- og utland. Han har mellom anna jobba for Kirkens Nødhjelp og Norec(tidlegare Fredskorpset) og vart tilsett som direktør for Høgskulen i Volda i vår.
 
Marie Austrheim Riise vil stå for det musikalske denne kvelden ilag med Svein Hunnes-bass, Erik Fooladi-perkusjon, Gunnar Aurdal-gitar og Kirsten Ragnhild Grimstad-vokal. 
 
Vi ønsker velkomen til ein kveld fylt av musikk, samtale og undring i kyrkjerommet i Ørsta.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"