Synes du gudstenesta nokre gongar kan verte litt lang? Då er det kjekt om det er søndagsskule medan det er gudsteneste!
Borna går ned i kyrkjekjellaren etter dåpen, og kjem opp igjen i kyrkjerommet til nattverden. Slik får dei både delta i viktige delar av gudstenesta, samstundes som dei får tilpassa formidling av dei kristne forteljingane, songar og aktvitetar.
Datoar for hausten 2026: Søndag 4. oktober, søndag 11. oktober, søndag 1. november, søndag 8. november, søndag 6. desember.
