Sokneprest i Vikedal sokn, Sandeid sokn og Imsland sokn

Vil du vere prest i levande folkekyrkjebygder med trivelege folk og flott natur?  Vindafjord har eit rikt kulturliv med mange arrangement og festivalar. Området har og gode tilhøve for friluftsliv, med populære jaktområder og laksefiske i Vikedalselva. Søknadsfrist er 21. april.

Foto: Bo Mathisen

Stavanger bispedømmeråd søkjer etter ny sokneprest i 100% stilling, med Vikedal sokn, Sandeid sokn og Imsland sokn som særskilt arbeidsområde, Haugaland prosti. 

Her er det laksefiske i Vikedalselva, Kystkulturdagar, motorsportsanlegg og Rootsfestival med friluftsgudsteneste. I løpet av året er det mange arrangement og festivalar. Bygdene er prega av flott natur og populære jaktområder, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Det er eit aktivt næringsliv og mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Haugesund ligg ca 50 km vestover, medan Sauda ligg tilsvarande austover.

Sokna ligg i Vindafjord kommune, som utgjer samarbeidsområdet der soknepresten gjer teneste saman med sokneprestane i Ølen og Skjold. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen.

Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområder. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike områder. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt.

Presten går inn i trusopplæringsarbeidet i sokna, og har ansvaret for konfirmantarbeidet.

Det er gudstenester og kyrkjelege handlingar i Vikedal kyrkje (1881), i Sandeid kyrkje (1904) og i Imsland kyrkje (1861). Kontoret til soknepresten er lokalisert nær Vikedal kyrkje. 

Medlemstalet i Vikedal er 719, i Sandeid 900, og i Imsland 265.

Søknadsfrist er 21. april.

Her kan du lesa heile utlysinga og søka på stillinga.

Her finn du Facebook-sida til dei tre sokna.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"