Sokneprest i Ølen og Bjoa sokn

Ein aktiv kyrkjelyd søkjer sokneprest som deler ynskjet om å vere ei misjonal kyrkje i lokalsamfunnet. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv. Søknadsfrist 21. april.

Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv. Foto: Økland foto

Ølen og Bjoa sokn har mange frivillige medarbeidarar og satsar særleg på trusopplæring og inkluderande kyrkjeliv.

Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde. Sokna i kommunen arbeider aktivt saman på ulike område. Samarbeidet mellom kyrkja, barnehagar og skular er godt. Vindafjord kyrkjelege fellesråd har kateket i 80 % stilling. I tillegg er det trusopplæringsmedarbeidarar knytt til dei ulike sokna. Det er eit aktivt organisasjonsliv i soknet. Mange frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.  

Ølen er knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet og Bjoa har kultur-røter som strekk seg langt tilbake i tid. Her er flott natur, trivelege folk og gode tilhøve for friluftsliv.

Det er åtte kyrkjer i kommunen. To av desse ligg i Ølen og Bjoa sokn. Soknepresten i Ølen og Bjoa gjer teneste i samspel med dei to andre sokneprestane i Vindafjord kommune. Prosten samlar prestane om lag 10 gonger i året til pastoralsamlingar, som er av fagleg og sosial karakter. Desse blir lagt til ulike stadar i Haugaland prosti, som består av 5 kommunar: Haugesund, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord.

Medlemstalet i Ølen og Bjoa sokn var i 2022 2205, medan innbyggjartalet var 3151. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med kommunen. Kontoret til soknepresten ligg i Vindafjord rådhus i Ølen. Vindafjord kyrkjekontor, der kyrkjeverja held til, ligg i Skjold kyrkje.  

«Der vegane møtest»: Ølen er kommunesenteret og eit knutepunkt for kommunikasjonen i distriktet. Her møtest bussar og biltrafikk frå aust til vest, og båten frå nord. Sentrum er godt bygt ut med gode tenestetilbod innan handel og service. Her er idretts- og symjehall, barnehage, barne- og ungdomsskule og Ølen vidaregåande skule. I Ølensvåg ligg Lundaneset vidaregåande skule. Bjoa er ei kulturbygd, med rike minne frå fortida. Her er det også store og innovative verksemder. I Ølen og i Ølensvåg er det rikt næringsliv med mange arbeidsplassar frå både inn- og utland. Her er flott natur, gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv. Haugesund er næraste by, ca 45 km vestover.  

Les heile utlysinga og søk på stillinga her innan 21. april.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"