Ledig stilling som sokneprest i Tysvær sokn og Bokn sokn

Vil du bli sokneprest i Tysvær sokn og Bokn sokn? Tysvær og Bokn er prega av flott natur og gode tilhøve for friluftsliv i fjell og skog, samt god tilgang til sjø og rikt båtliv.

Publisert:

Tysvær kyrkje. Foto: Kirkesøk
Tysvær kyrkje. Foto: Kirkesøk

Tysvær kyrkje (1852) ligg i Tysværvåg, og Bokn kyrkje (1847) ligg på Vestre Bokn. Det er om lag to gudstenester i månaden i kvar av desse kyrkjene. I 2019 var det 18 dåp og 15 gravferder i Tysvær. I Bokn var det 5 dåp og 5 gravferder. Det var 28 konfirmantar i Tysvær og 9 i Bokn

Tysvær soknehus er stort og fleksibelt, og blir nytta av heile bygda. Kyrkjelyden møtes her mellom anna til trusopplæringstiltak, konfirmantundervisning og møter. På Bokn nyttar ein bedehuset til kyrkjelege aktivitetar. Det er eit nært og godt samarbeid med dei kristne organisasjonane og dei øvrige lag og foreiningar innan kulturlivet, til dømes idrett og musikk. Bokn er kjend for sitt omfattande speidararbeid. Frivillige medarbeidarar er knytt opp imot gudstenester og trusopplæringstiltak. Soknepresten må kunne bidra aktivt inn i kulturen sokna er prega av.

Haugalandet har eit rikt kulturliv med festivalar og allsidige arrangement som fargelegg dagane for alle aldersgrupper gjennom heile året.

Sokna i Tysvær kommune og Bokn kommune utgjer samarbeidsområdet der soknepresten gjer teneste saman med sokneprestane i Førresfjorden sokn og Nedstrand sokn. Kyrkjelydane har eit godt og aktivt samarbeid med Tysvær kommune og Bokn kommune.

Samarbeidet mellom kyrkje, barnehagar og skular er godt. Sokna i området arbeider aktivt saman på ulike områder. Tysvær sokn er det kateket. Tysvær og Bokn har felles kantor i 45 % stilling. Det er 20 % stilling som kyrkjelydspedagog på Bokn som for tida er vakant.

Arbeidet med gudstenesteliv, trusopplæring, konfirmantarbeid og diakoni er prioriterte arbeidsområde.

Søknadsfrist 17. mars 2020.

Les heile stillingsannonsen og søk på stillinga her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"