På kvart kort er det plass til å skrive inn ein tanke, ein draum eller eit ynskje for arbeidet i soknet/fellesrådet.
Tanken er at alle vert invitert til å fylle ut eitt kort. Dette kan gjerast som avslutting på medarbeidersamtale eller heilt enkelt når ein er samla til stabsmøte eller møte i soknerådet. Etter kvart vil ein då få mange kort med innspel å strekke seg etter som ein kan ha samtalar om. Det er viktig å presisere at det skal vere positive ynskje som vert skrive ned på korta.
Den som leiar spelet vel enten ut nokre få kort ein tek ein diskusjon rundt, eller det blir trekt eit kort som tema for samtale.
