Velkommen til nettverkssamling for kvinner i 2024

Stavanger biskop inviterer til nettverkssamling for kvinner i presteteneste, teologar, studentar og pensjonistar. Påmeldinga er no open.

Nettverkssamlinga i 2023 hadde rekordstor oppslutning.

Tid og stad

Arrangementet finn stad onsdag 6. mars 2024, på VID Stavanger, Misjonsmarka 12.
I rom 261 som er auditoriet i andre etasje. Gå inn hovudinngangen og ta trappa opp til høgre.
Me opnar dørene for kaffi, te og ein prat kl. 09.30, og sluttar kl. 14.00.

Tema og program

Årets tema er «Teologi gjennom kvinneauge».

09.30: Kaffi og te

10.00: Opning ved biskopen

10.15:

  • Feministisk epistemologi; kva det er og kva det kan bety for teologi
    Daniela Lucia Rapisarda, leiar av senteret for Misjon og globale studie

  • Korleis lesa Det nye testamentet gjennom kvinneauge?
    Anna Rebecca Solevåg, professor i Den nye testamente

  • Dansande latter og sørgmodig gråt: GT frå historiske og globale kvinneperspektiv
    Tina Dykesteen Nilsen, professor i bibelvitskap

  • Spørsmål og samtale

11.30: Lunsj

12.15: (Denne bolken er på engelsk.)

  • First black woman to be ordained in the Dutch Reformed Church of South-Africa
    Charlotte Sibanyoni, stipendiat

  • Women theologians marginalized by the Malagasy Lutheran Church (MLC)
    Aina Andosoa Rasendrason, stipendiat

  • Gender-based violence and the Evangelical Church Mekane Yesus in Ethiopia
    Tsion Alemayehu, stipendiat

12.55: Samtale om kontekst og forkynning

13.30: Liturgisk avslutning

14.00: Slutt

Påmelding

Meld deg på her: https://forms.office.com/e/EGpu8MnD1G

Transport og parkering

Me oppmodar deltakarar til å reisa kollektivt eller å køyra fleire saman i bil.
Buss nummer 5 går frå Olav Vs gate i Stavanger sentrum: Rute 5 - Kolumbus
Det er mogleg å parkera i gatene rundt VID, men det er ikkje alltid så lett å finna ein ledig plass.
Alternativet er å stå på parkeringsplass mot betaling.
Parkeringsplassen er utanfor det gamle hovudkontoret til NMS, med innkøyring frå Seehusens gate.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"