Stavanger bispedømmeråd har i fleire rundar hatt oppe korleis ein ny prostistruktur skal sjå ut. Forslaget til vedtak som låg føre rådet i denne saka 22. september var difor ikkje eit forslag om ei prøveordning, men eit endeleg vedtak med verknad frå 1. januar 2027.
I saka heiter det: I mai ga rådet administrasjonen fullmakt til raskt å gå vidare i arbeidet med å få avklart korleis ei ny prostiinndeling bør sjå ut. Dette har administrasjonen gjort sidan sist møte, gjennom møtepunkt og samtalar med prostar og kyrkjeverjer, ut frå forslaget om å slå saman Jæren og Dalane prosti, medan Gjesdal kyrkjelege fellesråd går over til Tungenes prosti. Sokneråd og fellesråd er høyrde tidlegare i prosessen, og det forslaget som no ligg føre er den som best møter dei samla omsyna høyringa peikar på.
Slik det er no er det brei oppslutning om forslaget.
Ein konkret bakgrunn for å ville endre prostistrukturen er behovet for eit større prestefellesskap for å bli mindre sårbare ved sjukdom eller anna fråvær. Dette har ein sett som ei heilt konkret utfordring i Dalane prosti. I tillegg har det vore ynskje om å prøve ut ordninga med eit prosti for heile Stavanger. Med desse endringane blei det naturleg å vurdere heile prostistrukturen i bispedømmet. No er det prostiinndelinga i den sørlege delen
som står igjen å vurdera.
Det har vore eit sterkt lokalt engasjement i denne saka, særleg frå Jæren. Framlegget til løysinga som ein no går for kjem etter konkrete innspel frå Hå, Klepp og Time, som har eit stort ynskje om å halde fram i same prosti.
Vedtak:
1. Gjesdal vert ein del av Tungenes prosti, saman med Sola, Randaberg og Kvitsøy.
2. Klepp, Time, Hå, Bjerkreim, Lund, Sokndal og Eigersund vert eit nytt prosti.
3. Det nye sørlege prostiet får namnet Jæren og Dalane prosti.
4. Tungenes prosti vert framleis heitande Tungenes prosti.
5. Stiftsdirektøren får fullmakt til å avklare kven som vert prost i kva prosti. Dette vert avgjort etter dialog med tillitsvalde og dei involverte. Det same gjeld for prostesekretærstillinga.
6. Prostesetet i Jæren og Dalane prosti vert i Egersund.
7. Prostesetet i Tungenes prosti kan vurderast plassert i Sola. Stiftsdirektøren får fullmakt til å ta avgjerd om dette, etter å ha høyrt partar som blir påverka og kartlagt dei praktiske rammene.
8. Stiftsdirektøren får fullmakt til å plassera frigjort ressurs etter samanslåing til å dekke behova i kyrkjelydane når prostane får nye oppgåver, innan dei rammene som er skisserte i saksframlegget.
9. Endringane skjer frå 1. januar 2027.
