Vigsling av Thomas Angells kapell

Preses Olav Fykse Tveit vigsla i helga Thomas Angells kapell. Kapellet er ein del av Thomas Angells hus i Trondheim. Her kan du sjå bilete og lese preika til preses Olav.

Alle Foto: Nidaros domprosti Thomas Angells kapell.
Til lukke med dagen - alle de som brukar dette vakre rommet! Måtte det verte til glede og velsigning også for alle som skal bruke det som eit kapell vigsla til Guds ære i framtida. Dette er ein spesiell dag. Det markerer vi med denne gudstenesta, med dei tekstane vi har høyrt frå Den heilage skrifta om Guds hus.
 
Kyrkjerom er Guds hus. Kvar dei enn er i landet vårt eller utover i verda. Gud vil møte menneske med sin kjærleik overalt. Vi er inviterte til å ære den eine sanne Gud. Kyrkjene fortel oss at vi kan det, same kven vi er og kvar vi er. Difor treng vi Gudshus. Med opne dører. Det er konkrete hus og rom, bygde av jern, stein eller tre. Her er vakkert handverk og kunst, med fargar og symbol, med altar og preikstol, med døypefont og nattverdbord. Her er det musikkinstrument, orgel og tromme. Her er det plass for menneske å vere. Her kan ein sitje ned i ro. Her kan ein knele, eller stå og synge, eller gå og delta i nattverden. Og mange kyrkjerom har gjerne eit bord til litt kyrkjekaffi etterpå, for samtale og fellesskap også på den måten.
 
 
For Kyrkja, med stor K, er ikkje berre dei vakraste bygg. Det vakraste av dei her i Noreg kan vi sjå bort på herifrå (Nidarosdomen). Kyrkja er også dei menneske som møtest, som blir døypte, som tar del i kyrkjas fellesskap på ein eller annan måte. For nokon er det nesten berre når livet startar og når det har tatt slutt at ein er i eit kyrkjerom. Men for mange, for mange fleire enn vi kanskje trur, er ein innom eit kyrkjerom i løpet av eit år. Ein har ulike pplevingar av kyrkjebyggas spesielle karakter ved ulike høve. For mange er det svært viktige og spesielle stunder i livet. Kyrkjeromma er ulike andre rom. Dei kan ofte fortelje ei historie om menneske før oss. Slik som dette rommet, som faktisk er 120 år gamalt, men som ikkje vart formelt vigsla til kyrkjeleg bruk før no.
 
(F.v) domprost i Nidarosdomen Kristin Saxegaard Moen, preses og biskop i Nidaros domprosti Olav Fykse Tveit og sokneprest i Nidarosdomen Torstein Amundsen.
Men desse bygga og roma er først og fremst der for oss, vi som lever i dag, akkurat no. Dei er der for at vi skal oppleve at kyrkja er kjærleikens rom – også for oss.Det er også Jesu budskap til oss i dagens evangelium.
«De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk.»
Det er eit bod, ja, eit nytt bod, til og med, seier han.
Det er det store doble kjærleiksbodet i ei spesielt kort og presis form: Elsk kvarandre.
Så held Jesus fram: «Som eg har elska dykk.»
Og nettopp difor er det også ein god bodskap til alle som kjem til eit kyrkjerom.
For dette er eit ord om Guds kjærleik til oss menneske. Det er det som det handlar om i kyrkja. Og om det ikkje handlar om det, har vi ikkje bruk for verken kyrkjerom, prestar eller biskopar eller noko som helst «relliøst». Då vert vår tru og vår religion berre ein måte å lage eit ekstra ferniss over våre meir eller mindre vellukka liv. Ja, det kan til og med bli ein måte å dekke til det verkelege livet på, med alle sine djupner og høgder. Med alt det vi menneske har og gjer av godt og vondt.
 
Dersom det er slik at trua ikkje er tru på Guds kjærleik til alle menneske og all Guds skapning, kan det bli det motsette av den rette tru ein formidlar. For vår tru er oppsummert i orda: «Slik eg har elska dykk».
Dersom menneske ikkje får vere i kyrkja som rom og fellesskap med sin eigenart, som den ein er, då kan kyrkja verte eit rom ein ikkje orkar å vere i, eit rom utan kjærleik. Det kan skje dersom kyrkjerommet og fellesskapet der vert eit rom nokon skal stengjast ute frå, eller opplever at dei er utestengde frå det.
Det er fleire og ulike slags eksempel på at det har vore slik for nokon, og at det framleis kan vere slik. Det er ei tung lekse å lære, men som vi må lære noko av.
For kyrkjas budskap er at Gud elskar oss, og ønskjer oss velkomne. Som den vi er. Slik vi er.
 
Gud har ein relasjon til oss som vår skapar, som vår livgjevar og oppretthaldar. Frå den første dag til den siste dag av vårt liv her på jorda. «Hver dag er en sjelden gave, en skinnende mulighet.» Livet er ei gåve frå Gud til kvar ein av oss. Det minner kvart kyrkjerom oss på. Kyrkjas budskap er at Gud gjennom Jesus Kristus har vist oss ein kjærleik som er sterkare enn menneskets evne til å øydeleggje relasjonen til Gud, til medmenneske og til skaparverket. Ja, meir enn det: Kyrkjas budskap er at Jesus Kristus viser oss at kjærleiken er sterkare enn døden.
Denne kjærleiken kan gjere noko med oss. Den kan frelse oss frå det i oss og med oss og rundt oss som driv oss gal veg, bort frå kjærleikens rom.
Kyrkjas budskap er at Gud er nær oss gjennom sin Ande – i det livet vi lever frå dag til dag. I medvind og i motvind.
Difor er det også vi treng kyrkje som fellesskap og som rom, for å oppdage og bli minna igjen og igjen på at det er slik det er. Difor ber vi at Den Heilage Ande skal fylle kyrkja. Som rom og som fellesskap.
Anden minner oss om at Gud elskar oss, her, og utanfor eit kvart vigsla rom.
Slik vert eit kyrkjerom til Guds ære.
Men den andre delen av Jesu budskap er også eit evangelium, eit godt budskap, sjølv om det kjem til oss som eit bod. Det er eit veldig utfordrande, ja, krevjande bod: «De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar, at de har kjærleik til kvarandre.»
Dette er ein god bodskap. Jesus seier at kyrkja kan formidle kjærleikens budskap. Han har tru på Jesu disiplar og etterfølgjarar, som eit fellesskap i tid og rom. Jesus trur at kyrkja kan bli eit kjærleikens rom, eit kjærleikens fellesskap, ja – eit kjærleikens teikn i verda.
Dette har vorte forstått på litt forskjellige måtar i kyrkjas historie og teologi. Det kan vere ganske nyttig for oss å tenke over akkurat det i dag. Det er ei utfordring til alle slags kyrkjelege og kristelege forsamlingar. Er det ein spesiell «kristen» kjærleik, til forskjell frå den som menneske elles kan ha til kvarandre? Er det slik at det er berre kristne som verkeleg kan elske? Tenkjer vi at vi kan elske på ein litt betre måte enn andre? Kan det bli noko eksklusivt, og difor noko ekskluderande i tanken om «den kristne kjærleiken»?
Det har fleire tenkt, i ulike tider.
Men det skal vi vere varsame med. For det er ikkje det Jesus seier. Han forutset at disiplane som menneske er i stand til å elske andre. Dei skal ikkje elske som noko anna enn som menneske. Jesus bekreftar mykje i den jødiske tradisjon frå visdomslitteratur og bud og andre tekstar som stadfetsar at menneska kan elske. Fordi dei er menneske, skapte av Gud.
Jesus seier jo ikkje at dei alltid elskar, eller elskar slik dei burde eller skulle. Då hadde han ikkje trengt å gje dei eit nytt bod til å samle opp alle dei andre kjende boda i. Det er nok av realisme i både den jødiske tradisjon og i vår kristne tradisjon, som uttrykkjer at vi veit at menneske sviktar, syndar og gjer det motsette av å elske kvarandre.
Men Jesus ber oss elske fordi vi kan det. Som skapte menneske har vi den evnen. Vi kan alle elske. Uansett kven vi er, kvar i livet vi er, unge eller gamle. Uansett kva legning eller orientering vi har, kan vi elske eit anna menneske som den vi er, i dei relasjonane vi står i.
Vi skal ikkje forstille oss og meine at i kyrkja er vi menneske som ikkje kan svikte. Men vi skal bli minna om at vi er fullt og heilt eit menneske.
Teiknet på kyrkjas fellesskap er at ein både høyrer kva Jesus seier og gjer det. Det inneber også å anerkjenne kvarandres evne og vilje til å elske.
Og det tyder at ein prøver å lære av Jesu eksempel. At livet har djupare meining når vi kan vere til for andre og saman med andre menneske. Kjærleiken handlar alltid om noko gjensidig, der vi er til for kvarandre, respekterer og ærar kvarandre. Kjærleiken er at vi på ein eller annan måte gir oss til kvarandre og gir oss for kvarandre.
Raudt er fargen når vi vigslar kyrkjebygg eller kyrkjerom. Det er Den Heilage Andes farge, og vi ber Anden fylle dette rommet og alle som kjem hit med kjærleikens bodskap. For raudt er også kjærleikens farge.
 
Åsmund Olavsson Vinje seier i det enkle diktet om Tyttebæret som vert funne av ein liten gut på bærtur:
 
«Raudt eg lyser, bæret sagde,
kom åt meg, du vesle-gut.
Her ifrå du meg må taka;
Mogi bær er utan ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
svaledrykkjen av mitt blod!
Mognar du, så vil du beda
just den same bøn, som eg.
Mogen mann det mest må gleda,
bort for folk å gjeva seg.»
 
Måtte dette rommet framleis vere eit teikn på den kjærleiken som Gud har gitt oss, og som Gud gir oss kvar dag.
Må dette rommet vere ein stad der vi får mot og tru på at vi kan elske, og at vi vil elske.
Må dette kyrkjerommet - og alle kyrkjerom vi går inn i - vere ein stad der våre liv kan mognast. Slik at også våre liv kan bli eit teikn på det Guds rike som er tilstades i denne verda. Det er ofte skjult, men like fullt her.
For størst av alt er kjærleiken.
 
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
som var, er, og vere skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"