Tilskotsforvaltning - ofte stilte spørsmål
1. Kva veit vi om den nye ordninga?
- Trer i kraft 1. januar 2026.
- Omfattar tilskot til diakoni, undervisning (stillingstilskot til kateketar og til trusopplæring) og kyrkjemusikk i Domkyrkja.
- Planlegging og rapportering skjer i verktøyet Kyrkja vår.
- Frist for å leggje inn aktivitetar for 2026: 31. januar 2026.
- Eksisterande stillingar skal takast vare på.
- Delar av tilskotet skal stimulere til vigsling og tilsetjing av vigsla personar.
2. Kva betyr det at tilskotet blir tildelt til aktivitet?
- Frå 1.1.2026 blir oppfølginga endra: Fokus er no på aktivitet, ikkje berre stillingar.
- Ved vakansar i stillingar blir ikkje tilskotet automatisk trekt tilbake.
- Fellesrådet har ansvar og fridom til å skape aktivitet.
- Det skal rapporterast på aldersgruppe tiltaket gjeld, tal på samlingar, tal på brukte timar, og det blir oppmoda til å skrive ei evalueringsskildring. Det er ikkje krav om eit spesifikt timetal for å vere tilskotsberettiga.
3. Kva skjer ved færre aktivitetar?
- Soknet mister ikkje automatisk tilskot ved nedlegging av breddetiltak (4-årsbok, tårnagent...) eller kontinuerlege tiltak (kor, klubb, MILK...). Skilje mellom bredde og kontinuerlege tiltak bør byggast ned og heller sjåast som komplementære delar av eit heilskapleg undervisningsoppdrag.
- Bispedømmerådet vurderer heilskapen og har rettleiande samtalar med fellesrådet.
- Eventuell justering av tilskot skjer etter to årssamtalar og skriftleg tilbakemelding.
4. Rapportering og oppfølging
- Bispedømmerådet følgjer opp gjennom tilskotssamtalar minst annakvart år.
- Menighetsrådet må vedta ein samla plan for soknets arbeid.
- Planen må registrerast i Kyrkja vår
5. Kva skjer med eksisterande stillingar
- Eksisterande stillingar innan diakoni, undervisning og kyrkjemusikk skal halde fram.
- Ved utlysing av nye stillingar blir det lagt vekt på kvalifikasjonskrav.
- Fellesrådet kan bruke midlane til andre verkemiddel, innanfor formålet med tilskotet, ved vakansar. Dette kan vere; engasjere frivillige, kjøpe tenester, arrangere aktivitetar, eller styrke andre delar av soknearbeidet.
- Inntil 50 % av tilskotet kan akkumulerast, resten må betalast tilbake.
Fellesråda må sjå til at ubrukte midlar/fond frå tidlegare år, som står i balansen i rekneskapen, òg blir nytta til aktivitet innanfor fagområda i løpet av påfølgjande år. Det er viktig at fellesrådet ser til at det ikkje hopar seg opp eit stort mindreforbruk.
6. Budsjett og fordeling
- Tilskotet for 2026 avheng av statsbudsjettet.
- Kyrkjerådet tildeler ekstra midlar til fellesråd som tilset vigsla personar.
- Fordelingsnøkkelen mellom bispedøma er den same som tidlegare.
- Bispedømmerådet kan setje av 3 % til strategiske satsingar og fagsamlingar.
- Resterande blir fordelt mellom fellesråda, med same modell som i 2025.
7. Bruk av tilskot til undervisning og læring
- Undervisning for 0–18 år skal vere systematisk og samanhengande.
- Godkjende lokale planar skal vere førande.
- Om lag 80 % av midlane skal brukast til arbeid med barn og unge 0- 18 år (KR 41/25).
- Tilsette kan delta i kyrkje-skule-samarbeid og konfirmantleir, men ikkje om det går utover breddearbeidet.
8. Korleis får ein meir informasjon?
- Det blir arrangert webinar og opplæring.
- Kontaktpersonar i Kyrkjerådet og bispedømmekontora er tilgjengelege
Ressursbanken: Noen spørsmål og svar om ny tilskuddsordning - Ressursbanken, Den norske kirke
Retningslinjer finst i Kyrkjerådet sin protokoll frå 22. mai 2025 (KR 41/25), frå side 9 og utover. Protokoll Kirkerådet 22.05.2025