Giske kyrkje er ei romansk steinkyrkje frå rundt 1130 med eit uvanleg rikt kunstnarleg uttrykk, forma av den tidlege kristne kulturarven i Europa. Originalen av korsfestingsgruppa er truleg laga i Frankrike på byrjinga av 1200-talet, kom til Giske i mellomalderen og var der fram til midten av 1800-talet, då den vart overført til dei kulturhistoriske samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen.
I dag er det ein kopi av denne gruppa i kyrkja, og det er Kristusfiguren i denne gruppa kunstnaren Domenghetti har laga ein minityrreplika av. Ho seier sjølv om miniatyren:
«Eg håper at arbeidet blir eit symbol på kulturell kontinuitet og kunstnarleg dialog. Reisa til krossgruppa – frå aktiv bruk, til gløymd, til museumsobjekt – fekk meg til å spørje: Kva skjer når eit heilagt bilete mister si rituelle rolle? Og kva kan sjølve handlinga å lage ein kopi gje tilbake – ikkje berre fysisk, men òg åndeleg?»
Giske kyrkje ei romansk steinkyrkje frå rundt 1130 med eit uvanleg rikt kunstnarisk uttrykt, forma av den tidlege kristne kulturarven i Europa.
- I mellomalderen bar materiala i heilag kunst ein symbolsk tyngde – bein som relikvie, tre som kropp og offer. I dag ønskjer eg å løfte fram ei liknande merksemd – ikkje som nostalgi, men som spørsmål til vår samtid, seier Lara Domenghetti.
Materialvala er godt gjennomtenkte. Miniatyren ho har skore er laga i valnøttre, som originalen, men av eit avkapp med ein kvist. Krossen er laga av kamelbein kunstnaren fann i ørkenen og eikeplata på baksida av resirkulert materiale.
Dei små detaljane, som er laga i ein oransje tresort kalla Padauk, fortalde ho at ho fekk frå ein av studentane sine medan ho var i Saudi-Arabia.
Lara utdjupar:
«Desse vala handlar om meir enn form; dei handlar om etikk, omsorg og verdsetjing. I mellomalderen bar materiala i heilag kunst ein symbolsk tyngde – bein som relikvie, tre som kropp og offer. I dag ønskjer eg å løfte fram ei liknande merksemd – ikkje som nostalgi, men som spørsmål til vår samtid.
For meg er dette ikkje berre eit bilete av Kristus – det er òg ei gåve, eit nærvær. Arbeidet sjølv vert ein bodskap.
Som kunsthandverkar jobbar eg i kryssfeltet mellom materielt minne og samtidsrefleksjon. Eg ønskjer ikkje berre å rekonstruere former, men å forstå kva dei betydde – og kva dei kan bety no. Denne miniatyren er ikkje berre ein kopi; han er eit spørsmål: Kva meiner vi når vi lagar nye heilage bilete? Kva verdiar – tekniske, etiske, kulturelle eller åndelege – legg vi inn i dei i dag?
Eg håpar at verket ikkje berre vert ein kopi, men eit nærvær – eit stille følgje til kyrkja sitt lange minne, og ei oppmoding til dei som kjem forbi, kunstnarar og tilreisande, om å reflektere over kva tradisjon kan bety – ikkje berre før, men òg no.»
Replikaen av Kristusfiguren skal, om biskopen får ønsket sitt oppfylt, henge i Giske kyrkje til evig tid. Biskopen utdjupar: «Då eg under ein visitas fekk høyra om gåva som var i arbeid, var min spontane reaksjon at den må få vere der til evig tid.»
For biskopen vart det ei sterk oppleving å lytte til kunstnaren sine refleksjonar kring utforminga av kunstverket. Ho trekkjer særleg fram armane til figuren, som vart brotne av på det originale krusifikset då det vart gøymd vekk etter reformasjonen. Desse er til stades på rekonstruksjonen, som for biskopen er eit sterkt bilete på Kristus sine utstrekte armar på korset, der han ga Maria og Johannes over til kvarandre.
«Og etter å ha vore i kyrka, anten i glede eller sorg, har generasjonar gått ut igjen i livet til det krevjande eller til det gode, til han som framleis strekkjer armane sine ut til oss og gir oss til kvarandre. Det at krusifikset no trer så tydeleg fram, det er ei stor gåve til oss alle, og den gåva høyrer heime i Giske kyrkje», seier biskopen.