Dei fire sokna ligg tett og samarbeider mykje. På grunn av mindre ressursar enn tidlegare, er det ikkje lenger gudsteneste kvar sundag i kvar kyrkje. Ein stor del av visitsføredraget som du kan lesa eller høyra nedanfor, tok føre seg endringane og både utfordringar og frukter av desse som no pregar desse sokna.
Biskopen besøkte alle kyrkjene og var med på korøvingar i Fridalen og generasjonssong med lunsj i Årstad. Ho møtte konfirmantar og ungdomsleiarar i Slettebakken og feira gudsteneste i Landås.
Prestane i prostiet møttest heime hos biskopen som bur på Landås, og ho hadde møte med alle fire sokneråda der ein prata om vegen vidare. I tillegg var det mange enkeltsamtalar med tilsette.
Tre utfordringar
Biskopen avslutta visitasføredraget med tre utfordringar til kyrkjelydane:
- Gå til gudsteneste regelmessig, også i dei andre kyrkjene enn i ditt sokn.
- Minst ein gong i semesteret bør sokneråda og stabane samlast til ein felles samtale om det å vera Kyrkjene under Ulriken.
- Bli kjempegode på informasjon. Lag felles oversikter over arbeidet og gudstenester i dei fire kyrkjene.
Biskop Ragnhild Jepsen si preike i Landås kirke over teksten Johannes 16,16–22 på visitasgudstenesta 26. april kan du sjå her:
Glimt frå visitasen


