Kinnaspelet er eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette er teater ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med.
Teater Vestland er kunstnarleg ansvarleg for framsyninga som har profesjonelle og amatørar i samspel, skodespelarar, kor og orkester, til saman over 160 lokale aktørar.
Kinnaspelet vert vist
- laurdag 20. juni kl. 13.00 (høver for dei som dreg med båt frå Strandkaiterminalen i Bergen kl. 08:00)
- laurdag 20. juni kl. 16.30
- sundag 21. juni kl. 15.00
For billettar til båt og teater eller berre teater, sjå lenke nedst på sida.
