Foreslå prestar og leke tilsette kandidatar til bispedømerådsvalet 2019 - frist 1. mars

Prestane og leke kyrkjeleg tilsette som har arbeidsstaden sin innanfor Bjørgvin bispedøme sine grenser, kan innan 1. mars senda inn forslag til kandidatar til å stå på listene ved bispedømerådsvalet.

Lek kyrkjeleg tilsette og prestar skal ved bispedømerådsvalet velja eitt medlem kvar til å sitja rundt bordet saman med biskopen og sju leke medlemer. Fram til 1. mars er det tid for å foreslå kandidatar til vallistene. Foto: Møte i Bjørgvin bispedømeråd april 2016.

Dei som vert føreslegne skal på førehand spørjast om dei er viljuge til å lata seg nominera. Av omsyn til nominasjonskomitéen sitt arbeid, bør det følgja ein liten stikkordsmessig presentasjon av kandidaten saman med ei grunngjeving på kvifor vedkomande bør bli nominert.

Gyldige framlegg på kandidatar må innehalda nødvendige opplysningar:

- Fullstendig namn og adresse, telefon og e-post.

- Fødselsdato

- Stilling og arbeidsgjevar

- Ei grunngjeving for kvifor vedkomande bør bli nominert.

Forslag på kandidatar kan sendast inn til Valrådet i Bjørgvin via eit skjema (sjå lenke nedst på sida). Siste spørsmålet i skjemaet, ”Opplysningar om kandidaten”, er meint som hjelp for nominasjonskomitéen. Her har de høve til å tala varmt om dykkar kandidat. Det som blir skrive her kan bli brukt i valinformasjon seinare, så skriv slik at opplysningane kan vera offentlege.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"