Takk for god respons i 2022!

- Det har vore rørande å sjå responsen frå folk i Bjørgvin og Rogaland på invitasjonen til å bidra til ei hjelpesending til Cuba, seier bispedømet sin  'Cuba-koordinator', Kjell Ove Hatlem. Nedanfor kan du sjå kva gåvene går til, og korleis du kan halda fram med å støtta kyrkja på Cuba.

Litt av sekkene med klede til Cuba

– Familiar har fylt posar og sekker med klede, sko, kosebamsar og leikar. Vi har òg fått inn syklar, datamaskiner, symaskiner, motorsager og mobilar. Frå to idrettslag har vi fått «overskotsmateriell». Fleire organisasjonar har òg gjeve refleksbrikker, seier Hatlem.

Slik kan du gje pengar

Overvelda

Då folk frå bispedømet vitja den lutherske venskapskyrka – Iglesia Evangélica Unida (IEU) - på Cuba i mai 2022 vart dei overvelda over kor krevjande situasjonen var for folket der. Mangel på mat, hygieneartiklar og klede, også i butikkane. Kombinert med høg inflasjon og ein valutakurs som har stupt 80% på to år gjer at folk får stadig mindre for det vesle dei tener. Dette har også siste to åra ført til ein massiv flukt av folk frå Cuba til USA og andre land i regionen.

Til stor nytte

Det kjem òg inn pengar. 307.000 kroner var motteke i 2022 gjennom ulike kyrkeoffer og gåver frå einskildpersonar i bispedømet. Av dette var 68.191 kroner «avskilsgåver Cuba» i samband med avskilsmøta til biskop Halvor Nordhaug sist haust. Bispedømet og Normisjon brukar mest 200.000 kroner til å kjøpe mat, hygieneartiklar og anna til hjelpesendinga. Den norske ambassaden i Havanna betaler frakt av containeren til Cuba. Pengane frå Bjørgvin går òg til å støtte løner for tilsette i kyrkja på Cuba og ulike prosjekt dei held på med som planting av ny kyrkjelyd i Havanna, igangsetting av nye kyrkjelydsbarnehagar m.v.

Containeren vil byrje den 40-50 dagar lange sjøvegen frå Bergen til Santiago de Cuba så snart vi har motteke det formelle importløyvet frå Cuba, truleg første halvdel av januar.  Om nokon framleis ynskjer gje til Cuba, så ta kontakt snarast råd med Kjell Ove Hatlem på tlf. eller mail for å avklare kva det er rom for og tid til.

Når containeren er framme på Cuba vil innhaldet bli fordelt til folk i dei 5 austlege provinsane i landet gjennom IEU sine eigne kyrkjelydar og eit nettverk av andre evangeliske kyrkjer som dei samarbeider med. I desse 5 provinsane bur det til saman om lag 4 millionar menneske.

Normisjon, i samarbeid med kyrkjer utanfor Noreg, sender òg ein container med om lag 8 tonn med medisinar, medisinsk forbruksmateriell og utstyr til Cuba no i desember. Det går til sjukehus og andre deler helsevesenet i dei 5 austlege provinsane i landet.

I samband med bispeinnsetjinga i april 2023 vil vi få besøk frå kyrkja på Cuba. Vi tenkjer elles å organisere kyrkjelydstur(ar) til Cuba i 2023 eller 2024.

Kva rekk kronene til?

  • 100 dollar (ca. 1000 kr) er pastorløn i ein månad. Ti personar som gjev 100 kr i månaden finansierer løn til ein pastor eller diakon i venskapskyrkja vår. Pga. den dramatiske utviklinga i valutakurs, inflasjon og kjøpekraft dei siste 2 åra, så er IEU veldig avhengig av slik hjelp i ein periode framover.
  • Noko av pengane vil gå til nye prosjekt som å starte nye barnehagar eller støtte plantinga av ny kyrkjelyd i Havanna.
  • IEU jobbar for å finne fleire ulike prosjekt som òg kan gje dei framtidige inntekter. Vi vil då støtte med noko av det dei treng for å kome i gang.

Slik kan du gje pengar:

  • Privatpersonar som vil gje fast eller einskildgåver for å støtte løner og anna for kyrkja på Cuba, kan fylle ut det elektroniske skjemaet i lenka nede på sida for betaling på Vipps eller avtalegiro med skattefrådrag.
  • Alternativt kan privatpersonar Vipse til 96005 eller betale til konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjekt 351002». Skriv mobilnummeret ditt i tillegg om du vil ha skattefrådrag.
  • For kyrkjeoffer og andre gåver frå sokneråd og prosti eller andre, bruk Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537. Merk alltid betalinga med «prosjekt 351002» pluss «kyrkjeoffer» (eller det som gjeld)  

Du kan lese meir om Cuba og venskapssamarbeidet med kyrkja der gjennom ulike artiklar som du finn lenker til nedst på denne sida.

Cuba-kjennaren

Kjell Ove Hatlem, frå Hyllestad, har vore 30 gonger på Cuba, seinast 2 gonger i 2022. No er han tilsett i eit vikariat på bispedømmekontoret og koordinerer venskapssamarbeidet med den lutherske kyrkja på Cuba.

Om kyrkja på Cuba og venskapssamarbeidet 

Søndagsskule på Cuba - Ung mannleg leiar saman med mange barn,  nokre av dei med diplom

Iglesia Evangélica Unida (IEU) er Bjørgvin si venskapskyrkje på Cuba. Hovudsetet for kyrkja er aust i landet, i byen i Santiago de Cuba med om lag 400.000 innbyggjarar. Der har IEU òg kyrkjer i 3 andre bydelar.  Dei har òg kyrkje i Guantánamo og landsbyen Achotal. IEU er òg i gang med ei «nyplanting» i bydelen Marianao i Havanna og Gate 22 i Santiago. IEU har eit variert arbeid for folk i ulike aldrar. I eine kyrkja i Santiago driv dei barnehage, og dei ynskjer starte det fleire stader.

Bjørgvin bispedømeråd gjorde 1.juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapsforhold med IEU, saman med Normisjon som har samarbeidd med den kyrkja i over 20 år og hatt kontakt med kristne på Cuba i over 50 år. Avtalen er i fyrste omgang for fem år.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"