Sjukemelding

Eigenmelding
Arbeidstakar i Bjørgvin bispedømeråd kan nytte eigenmelding for inntil 24 kalenderdagar pr. kalenderår, men ikkje meir en 8 dagar samanhengande. Dette skal registrerast i Labora Tid eller WinTid fyrste arbeidsdag. Les meir om eigenmelding her.

Ved sjukemelding
Arbeidstakar kan no sende sjukemelding elektronisk til arbeidsgjevar. Den som vert sjukemeld av ein lege får då sin digitale sjukemelding på nav.no under "Ditt NAV". Herfrå kan ein sende sjukemelding til arbeidsgjevar, som får den i sin meldingsboks i Altinn og som igjen kan vidaresende til nærmaste leiar med ansvar for oppfølgjing. Søknad om sjukepengar erstatter del D av sjukemeldinga. Les meir om digital sjukemelding på intranettet Kyrkjebakken.

Ved gradert sjukemelding er den tilsette sjølv ansvarleg for å registrere sjukemeldinga i tidsystemet (Labora Tid/WinTid). Ved 100% sjukemelding er leiar ansvarlig for dette. 

Oppfølgjing
Prost/avdelingsleiar som næraste overordna følgjer opp sjukemeldingar i sitt prosti/avdeling. Prost/avdelingsleiar følgjer opp den som er sjukemeld og tek kontakt med vedkomande.

Som sjukemeld har ein plikt til å informera arbeidsgjevar ved prost/avdelingsleiar. Dette gjeld heile sjukemeldingsperioden. Den sjukemeldte skal delta i arbeidsrelatert aktivitet for å få rett til sjukepengar ut over 8 veker. Les meir om aktivitetsplikt her.

Unntak frå aktivitetskravet:

  • om medisinske grunnar er klart til hinder for aktivitet eller
  • om arbeidsrelatert aktivitet kan ikkje gjennomførast på arbeidsplassen.

Ved ulukke i eller på veg til arbeid
Meld frå til prost/avdelingsleiar, og ta kontakt med personalrådgjevar ved bispedømekontoret for utfylling av skadeskjema snarast mogleg.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"