Inkluderingsutvalet

Inkluderingsutvalet skal arbeide for at menneske med utviklingshemming får sin rettkomne plass i det kyrkjelege fellesskapet.

Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal

Vidare skal utvalet arbeide for dessse måla:   

  • Kyrkjelydane legg til rette for at menneske med utviklingshemming sin rett til tru og livssynsutøving kan bli realisert, også når dette krev samarbeid med dei offentlege tenestene, som pliktar å legge til rette for slik utøving.
  • Kyrkjelydane legg vekt på universell utforming med omsyn til både bygg og verksemd.
  • Tilrettelagde fellesskap for menneske med utviklingshemming i kyrkjelydane får fagleg støtte og oppfølging
  • Trus- og konfirmantopplæringa legg til rette for inkludering og syter for tilrettelagde tilbod for dei som treng det.  
  • Tilsette og frivillige i bispedømet utviklar sin kompetanse om inkludering i kyrkje og samfunn og kjennskap til menneske med utviklingshemming sin livssituasjon og trusliv.
  • Menneskeverdet til menneske med utviklingshemming vert verna om frå livet byrjar til livet endar.

Inkluderingsutvalet har for tida desse medlemmene: 

  • Jostein Bildøy, kyrkjeverje i Fjaler, foreldrerepr. 
  • Kristin Buhaug, rådgjevande overlege NAV Hordaland, foreldrerpr.
  • Linda Bårdsen, diakon i Birkeland
  • Anette Lid Ussi, leiar for Klubb+ og Klubb Xtra i Åsane menighet  
  • Kari Elster Moen, senioringeniør Vestland fylkeskommune, foreldrerepr.
  • Roar Strømme, prest, foreldrerepr.
  • Leif Arne Økland - leiar, kyrkjeverje Austrheim og Fedje

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"