På trua laus med biskopen

Denne hausten startar ein serie på Litteraturhuset i Bergen der biskop Halvor Nordhaug vil møta fleire kjende personar i samtale om aktuelle spørsmål knytt til tru, tvil og livssyn.

I møteserien «På trua laus» vil vi gå laus på trua og la den møte spørsmål og utfordringar i vår tid, seier Halvor Nordhaug. Foto. Silje Haugen, Bergensavisen

"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar. I løpet av ti samtalar vil han møte tvilarar, truande, ateistar og alt i mellom. Fast moderator er Håvard Nyhus, mellom anna kommentator i Bergens Tidende og Vårt Land. Serien er støtta av Stiftelsen Fritt Ord.

Første møte blir 2. september. Då er temaet «Spor av Gud i lova» og samtalepartner er professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde.

Den 14. oktober er forfattar Hanne Ørstavik gjest i ein samtale om korleis ein kan forkynna det språklause.

Utover hausten og vinteren kan ein høyra generalsekretær Kristin Mile i Human-Etisk forbund diskutera religionens plass i det offentlege rom. Andre gjester blir bl.a. ordførar Trude Drevland, astrofysikar Øystein Elgarøy, professor Frank Aarebrot, artist Herborg Kråkevik, filosof Henrik Syse og debattredaktør Hilde Sandvik.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"