Sjå vigslingsgudstenesta direkte

Ragnhild Jepsen vert vigsla til biskop i Bjørgvin bispedøme søndag 16. april kl. 11.00. Gudstenesta er i Bergen domkirke, og er open for alle. Du er hjarteleg velkomen. Du kan også sjå direkteoverføring her.

Ragnhild Jepsen vert vigsla til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Geir Endre Kristoffersen

Programmet for gudstenesta finn du i lenke nedst på sida.

H.M. Kongen vil vere til tilstades denne dagen. Vigslingsgudstenesta vert leia av preses Olav Fykse Tveit, og biskopar frå dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Norden, England og Jordan medverkar.

Dette vert ei festgudsteneste med mykje song og musikk. Dei medverkande er Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard. Tingingsverket "Sunniva kongsdotter" av Knut Vaage vert framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen. 

Det er viktig å vere ute i god tid før denne gudstenesta. Dørene vert lukka kl. 10.30. Ein kan ikkje ha med seg store vesker.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"