TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen – 18. oktober 

Aldri før har fleire menneske flykta frå krig og konflikt. Med di hjelp kan over 400 000 menneske på flukt få hjelp til ein trygg heim og håp for framtida – i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. 

Publisert:

Biskopen oppmodar alle til å gjera ein innsast for å støtta menneske på flukt gjennom årets TV-aksjon til NCR Flyktningehjelpen
Biskopen oppmodar alle til å gjera ein innsast for å støtta menneske på flukt gjennom årets TV-aksjon til NCR Flyktningehjelpen

Pengane går til nødhjelp der behovet er akutt: telt, presenningar og grunnleggjande utstyr til dei som ikkje har noko tak over hovudet. Til familiar som får hjelp til å reparera og forbetra mellombelse bustader. Til rehabilitering av øydelagde hus og bygg, slik at folk kan venda heim for godt. Og til juridisk hjelp, reint vatn og sanitære forhold – fordi ein trygg heim handlar om meir enn fire vegger. 

– Eg vil oppmoda kyrkjelydane til å samarbeida med lokale komitear for TV-aksjonen og bruka sine kanalar til å mobilisera bøsseberarar, seier biskop Ragnhild Jepsen.  

Bli bøsseberar 18. oktober 

Kvar bøsseberar tel. Ei enkelt bøsse er verd 2 400 kroner – og kvar krone fører oss nærare målet. For 3 000 kroner kan NRC Flyktninghjelpen gi eit telt til ein familie som ikkje har nokon stad å sova i natt. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"