Ein supplert lek tilsett kandidat

Valrådet har godkjent nominasjonen av ein lek tilsett kandidat til vallista for bispedømerådsvalet.

Dei lek tilsette kandidatane i alfabetisk rekkefølgje oppe f.v: Solveig Gravem Angelskår, Kalaregy Drange, Rita Eldholm, Audun Mundal, Beate Nes, Sissel Vartdal

Valreglane seier at minst ti med stemmerett, høvesvis prestar eller leke kyrkjeleg tilsette, kan fremje forslag om alternative kandidatar i den supplerande nominasjonen innan kl. 12 den 15. mai. Det er eit krav om at dei ti må komme frå minst to prosti.

Då fristen var ute, hadde valrådet motteke ein slik supplerande nominasjon der ti lek tilsette hadde nominert kyrkjeverje Sissel Vartdal i Sunnfjord som kandidat til bispedømerådet.

Lista over lek tilsette kandidatar er alfabetisk fordi valet vil bli gjennomført som eit "preferanseval".  I den valordninga har ikkje nominasjonskomiteen høve til å rangera kandidatane, det ansvaret får veljarane når dei stemmer.

Den endelege lIsta over leke kandidatar ser då slik ut:

Solveig Gravem Angelskår, f. 1980. Dagleg leiar i Osterfjorden.
Kalaregy Drange, f. 1962. Kyrkjetenar i Sandviken og Eidsvåg. 
Rita Eldholm, f. 1972. Diakon i Åsane.
Audun Mundal, f. 1966. Kyrkjeverje i Gloppen.
Beate Nes, f. 1979. Kateket i Stryn.
Sissel Vartdal, f. 1968. Kyrkjeverje i Sunnfjord

Både dei seks lek tilsette kandidtane og prestane sine fem kandidatar vil bli presenterte i samband med valet. Veljarane vil få tilsendt informasjon om kandidatane og den blir også å finna på kyrkjevalet.no innan 10. august då det digitale valet opnar. 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"