Pilegrim i sommar

I sommar kan du både vera med på pilegrimsstevne i Røldal, Seljumannamesse på Selja,  vandra frå Jondal over fjellet til Reisæter eller delta på keltisk retreat i Nordfjord med pilegrimsvandring ein av dagane.

Pilegrimsstevnet i Røldal har songar Målfrid Vestvik Bjåstad på plakaten.

Både smittervern-situasjonen og store snømengder i fjellet har medverka til reduksjon i tilbodet om pilegrimsvandringar i høve det som var planlagt. 

Røldal

Du kan delta på Pilegrimsstevnet i Røldal 3. - 5. juli (sjå lenke nedst på sida).

Seljumannamesse

Det blir Seljumannamesse på Selkja 5. juli kl. 12. Predikant er årets vinnar av Johan Nordahl Brun-prisen, Asbjørn Gjengedal. 

Keltisk retreat på Holmely m/vandring på Selja

På Holmely i Nordfjord blir det keltisk retreat 14. - 17. august med pilegrimsvandring på Selja 16. august. Sjå brosjyre nedst på sida. 

Folgefonnhalvøya

Du kan også gå ei krevjande dagsvandring mellom Krossdalen i Jondal og Reisæter i Sørfjorden søndag 23. august. Denne turen er utsett frå juli på grunn av mykje snø i høgfjellet (sjå lenke nedst på sida). 

For deg som har tenkt å reisa langs kysten i området mellom Eigersund og Trondheim, er det laga ei heilt ny reisehandbok for Kystpilegrimsleia. Sjå lenke nedst på sida. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"