Din kyrkjelyd kan òg vere med på denne landsdekkande aksjonen. På denne måten kan vi stå saman med den verdsvide kyrkja og kampen for dei som er ramma av corona-pandemien.
Aksjonen går frå 1. pinsedag til St. Hans. Kvar kyrkjelyd er oppmoda om å bidra med f.eks. kr. 5.000,- til organisasjonane som utgjer SMM (Samarbeid Menighet og Misjon). Dette er organisasjonane vi samarbeidar med: Det Norske Misjonsselskap, Normisjon, Den Norske Israelsmisjon, Misjonsalliansen, Stefanusalliansen, Areopagos og HimalPartner. Dei samarbeidar med lokale kyrkjelyder og organisasjonar for «desse mine minste».
Midlane kan anten bli gitt som:
- ekstraordinær gåve frå soknerådet
 - som eit ekstra offer
 - som misjonsløp
 - sal av blomar
 - planteloppemarked
 - strikkeselskap
 - opprette innsamlingsaksjon på Facebook
 - eller andre måter
 
Gjer det mogleg for din kyrkjelyd å seie: «Vi er med»! La oss stå saman med den verdsvide kyrkje og dei som lid!
                    