- Dette er sjuande gongen vi arrangerer Arven etter deg i Bergen, fortel Siv Holthe Krogh i Kirkens Nødhjelp. - Det er alltid godt oppmøte, med rundt 30 - 40 deltakarar på kvart av dei to møta vi har i byen.
Ho fortel vidare at folk opplever møta som veldig nyttige. Både Kirkens Nødhjelp og dei andre organisasjonane som arrangerer møtet, får ein del spørsmål om arv og testamente, og korleis ein kan gi til sine hjartesaker. Då er dette ein god stad å få vite meir. Krogh meiner det kan vere nyttig å vite at dersom ein ønsker å tilgodesjå Kirkens Nødhjelp med pengar i testamentet, tilbyr dei gratis bistand frå advokat.
- Vi opplever at mange ønsker å gi til fleire hjartesaker i testamentet. Ved for eksempel å gi til både lokalt kyrkjelysdarbeid og Kirkens Nødhjelp sitt internasjonale arbeid, vil gåva forandre livet for menneske både her heime og ute i verda, fortel Krogh.
Gratis advokatbistand
- Det er mange som tenker at dette med arv og testamente er komplisert, men det treng ikkje vere det. På møtet går vi gjennom arvereglane og det er sett av tid til spørsmål. Alle organisasjonane stiller med eigen advokat eller jurist for å kunne svare på ulike spørsmål. Vi tilbyr og gratis advokatbistand dersom Kirkens Nødhjelp blir tilgodesett i testamentet.
Les meir: https://www.kirkensnodhjelp.no/arv-og-testamentariske-gaver
Krogh fortel at dei har hatt opne møte om arv og testamente sidan 2015.
- Vi hadde vårt første informasjonsmøte i 2015 i Oslo. Det viste seg at møtene var populære og sidan har vi stort sett hatt informasjonsmøte kvart år i fleire byar i Noreg.
Siv Holthe Krogh, Kirkens Nødhjelp
Dette er ikkje eit forpliktande møte.
- Det er kun eit informasjonsmøte utan forpliktingar. Ein tar ein kaffi og får ein gjennomgang av arvereglane ved ein advokat og nokre døme på korleis eit testamente ser ut. Dette er heilt uforpliktande.
Du melder deg på informasjonsmøtet her: Arven etter deg. Møtet blir halde to gonger, kl. 13-15 og kl.17-19 i Litteraturhuset, Østre Skostredet 5-7. Dersom du har spørsmål, kan du kontakte Siv Holthe Krogh på mobil: 480 52 166
Les meir: – Gir testamentgave til Kirkens Nødhjelp
