Historisk vigslingsgudsteneste i Skjold

Søndag 25. juni var det firedobbel vigsling i Skjold kirke i Fana prosti der alle dei fire tenestegruppene som har ei ordning med vigsling, var representerte.

Dei fire som vart vigsla i Skjold kirke 25. juni, vart vigsa til fire ulike tenester. Framme f.v.: Trude Christina Halvorsen, prest, Trine Pettersen Lohne, kateket, Ragnhild Jepsen, biskop, Jannecke Bjørge Køhn, diakon og Asbjørn Snilstveit, kantor. Foto: BKF/Øyvind S. Stokke-Zahl

Det er alltid biskopen som vigsler til teneste, og biskop Ragnhild Jepsen deltok sjølvsagt. Dette var hennar fjerde prestevigsling etter at ho vart biskop, men det var første gang ho vigsla, diakon, kateket og kantor. 

Dei som vart vigsla til teneste var: 

  • Trude Christina Halvorsen til prest i Bryn kyrkjelyd i Bærum prosti 

  • Jannecke Bjørge Køhn til diakon i Sjømannskirken på Costa del Sol 

  • Trine Pettersen Lohne til kateket i Sjømannskirken på Gran Canaria 

  • Asbjørn Snilstveit til kantor i Birkeland kyrkjelyd i Fana prosti 

Trude-Christina Halvorsen har vore aktiv i ungdomsarbeidet i Skjold i mange år, mellom anna med Skjoldstock. No har ho tatt presteutdanning ved MF i Oslo og skal frå hausten jobbe som kapellan i Bryn kurkjelyd i Bærum. 

Jannecke Køhn jobber no i sjømannskyrkja på Costa del Sol og skal fortsetje å jobbe der etter vigslinga til diakon. 

Trine Pettersen Lohne har i mange år vore aktiv i Fana kyrkjelyd og vart vigsla til stillingen som kateket i sjømannskyrkja på Gran Canaria. 

Asbjørn Snilstveit er kantor i Birkeland menighet og skal fortsette å jobbe der etter vigslinga. 

Kva tyder det at ein jobber i ei «vigsla stilling»?  

Vigsling er ein form for kyrkjeleg innviing. Det er ei festgudsteneste leia av biskopen, der ein blir beden for av vener, familie og kollegaer. Ein avgir så eit vigslingsløfte, der ein lover å gjennomføre jobben etter beste evne. Vigslinga skjer bare ein gong, og gjeld livet ut. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"