Helsingar til den nye biskopen

I samband med vigslinga av ny biskop, vart det halde ein lunsj for inviterte gjester i Håkonshallen etter gudstenesta den 16. april. Her kan du høyra og lesa talane frå bispedømerådsleiaren, kyrkjerådsleiaren, ordføraren i Bergen, barne- og familieministeren og biskopen sjølv. Dei lange linjene i tilhøvet mellom kyrkje og samfunn og dei personlege eigenskapane til den nye biskopen prega talane.

Bispedømerådsleiar Vemund Atle Øiestad var ein av talarane under lunsjen der bispedømerådet var vertskap saman med Bergen kommune.

Til stades på lunsjen, der bispedømerådet og Bergen kommune var vertskap, var H.M. Kong Harald, 90 soknerådsleiarar, kyrkjelege samarbeidspartnarar, biskopar frå inn- og utland, prostane i Bjørgvin,  stortingsrepresentantar, statsrådar, ordførar, statsforvaltar, fylkesordførar, familie og vener av biskopen og staben på bispedømekontoret, med fleire.

Treng meir fellesskap

Ordførar Linn Kristin Engø ønskte velkomen saman med bispedømerådet sin leiar. Ho sa at kyrkja har ein stor plass i Bergen og på Vestlandet og la til at sjølv om ikkje alle deltar på gudsteneste kvar søndag, er kyrkja for mange eit viktig fellesskap og ein naturleg plass for å utøva frivillig teneste.

– Vi treng meir av fellesskap og samlingspunkt no, fordi vi lever i krevjande tider med krig, klimakrise og økonomiske utfordringar, sa ordføraren som gleda seg over å få ein biskop med stort hjarta for både det so skjer her heime og der ute. Som ei personleg helsing la ho til: – Som kvinneleg ordførar og mamma til ei lita jente som veks opp i Bergen er det umåteleg stort at vi får vår første kvinnelege biskop i Bjørgvin.

Bispedømerådsleiaren

Det var Bjørgvin bispedømeråd som nominerte kandidatane til ny biskop. – Det var sjølvsagt at du var ein av dei over 90 føreslegne som vart kalla inn til intervju, sa bispedømerådsleiar Vemund Atle Øiestad. Han konstaterte at mange tenkte at no burde Bjørgvin få ein kvinneleg biskop, men han la til: – Du vart ikkje biskop fordi du er kvinne. Men du vart biskop fordi du var ein av fleire sterke kandidatar. Han framheva hennar varierte bakgrunn frå både kyrkje- og bedehusmiljø og leiarerfaring som domprost i Nidaros. – Dette kjem vel med når du skal leie vestlendingar som har både kyrkjer og bedehus. Vi trur alle på det same, men kan tru litt ulikt og ha ulike meiningar, sa bispedømerådsleiaren.

Dei lange linjene

Både kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og barne- og familieminister Kjersti Toppe drog fram linene frå historia med kristninga av landet. Kyrkjerådsleiaren minna om at det på Moster i 2024 skal feriast at kristenretten er tusen år. Det skal markerast at samfunnet begynte på vegen frå maktsamfunn til rettssamfunn. – I all di kyrkjelege teneste har du vore ein bevisst tradisjonsberar, med djup forståing for kva dei lange linjene betyr. Og samtidig er du i deg sjølv eit vidunderleg tradisjonsbrot, den første kvinna, etter nesten tusen år med mannlege biskopar, sa kyrkjerådsleiaren. Ho karakteriserte Ragnhild Jepsen som ein person med ei finslipt blanding av verdig og varm, ein person med autoritet, men mild. – Du ser folk, og folk merkar at du ser dei.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe fortalde at ho møtte Ragnhild Jepsen i Trondheim i samband med eit møte om 1000-årsmarkeringa for slaget på Stiklestad.  – Eg møtte ei tydeleg, klar og engasjert dame. Ei som eg óg opplevde som varm og truverdig. Og ikkje minst, kunnskapsrik og konstruktiv.

Etterpå har eg høyrt at dette er beskrivelsar som ofte blir trekt fram om deg. Ein tydeleg leiar med stor varme. Ei som er meir glad i kyrkja enn alle ein kjenner. Ein samlande brubyggar. God teolog og forkynnar. Ei som kjenner kulturlivet, samfunnslivet og politikken, men også bedehuset, rådsstrukturen i kyrkja og levd liv i bygdene, og som dessutan er medlem i mållaget.

Betre skussmål skal ein vel sjå langt etter, sa statsråden med ansvar for barn og familie som også sette pris på at den nye biskopen har sagt at barn og unge ikkje er dei som ein gong skal finna sin plass i kyrkja, dei er kyrkja no.

Røter og vegar

I sin takketale drog den nye biskopen linjene mellom røter og nye vegar, mellom fortid og framtid.  Ho minna om at forteljinga frå Bibelen om den bortkomne sonen også handlar om både røter og vegar. Den unge sonen i forteljinga dreg ut i verda utan å tenkje på, eller ta omsyn til røtene sine. Men den dagen livet kjendest tomt, var det som var så lett å seie farvel til i si tid, det einaste som kjendest rett å reise attende til.

– Mellom denne tomheten og festen er det så viktig at der er nokon som kan lytte, vere vegleiar og  oppmuntre. Nokon som kan stadfeste dei gode røtene, dei vi ikkje skal forkaste. Men også oppmuntre til å sjå seg sjølv, sjå Gud og sine medmenneske med eit nytt kjærleg blikk. Og som kjenner at det er godt å gå på den vegen som både er min å forme, men som også er forma av dei som har gått her før meg, sa biskop Ragnhild.

Musikalske innslag

I tillegg til talar, var det nokre kunstnarlege innslag under lunsjen. Musikarar frå Sjøforsvarets musikkorps framførte Håkonshallfanfaren då H.M. Kongen kom og då han gjekk etter lunsjen. 

Collegium Vocale Gutter frå Fridalen, dirigert av Knut Christian Jansson, framførte "The Lord bless you and keep you" av John Milford Rutter.

Jo Asgeir Lie, trekkspel og Malin Alander, song, framførte tre stykke som ei musikalsk reise frå Hallingdal til Bjørgvin. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"