Bispedømerådet løyvde midlar til diakonar og tilsette ny prost i Sunnfjord

Bjørgvin bispedømeråd har tilsett ny prost i Sunnfjord og sokneprest i Høyanger, og tildelt midlar til diakonstillingar i sitt møte 3. juni.

Gudveig Kartveit Sundsbø vart ordinert som diakon på Radøy. No løyver bispedømerådet pengar til stillinga.

Knut Magne Nesse, sokneprest i Florø, er tilsett som ny prost i Sunnfjord. Andreas Ester, fungerande sokneprest i Høyanger og Kyrkjebø, er fast tilsett som ny sokneprest same stad.

Diakonstillingar 
Til diakonstillingar, der bispedømerådet løyver 50 % av stillinga, medan resten av løna må finansierast lokalt, har Bjørgvin bispedømeråd gjort følgjande vedtak:
• Askøy kyrkjelege fellesråd får inntil kr. 400.000,-
• Alver kyrkjelege fellesråd får inntil kr. 400.000,- til diakonstilling på Radøy
• Bergen Kirkelige fellesråd får inntil kroner 200.000 til diakonstilling som arbeider med flyktningar og innvandrarar.
Dei siste 190.000,- vert ikkje delt ut no , men vil bli tatt med i vurderinga på eventuelle unytta midlar for 2020.

Fana pilegrimsgard
Bjørgvin bispedømeråd vedtek å gå videre med ein intensjonsavtale med Opplysningsvesenets Fond om langtidsleige av Fana prestegård til bruk som Fana pilegrimsgard.

Strategiutval
Til eit utval som skal arbeida med strategi for Bjørgvin bispedøme, utnemnde bispedømerådet Turid Fjose som lekt medlem frå bispedømerådet. Vara: Nora Baartvedt.

SAKSLISTE
Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjenning av protokoll
Fana Pilegrimsgård intensjonsavtale
Tildeling av nye diakonmidlar - 2020
Bjørgvin bispedømmeråd - oppnemning lekt medlem til strategiutval
Orienteringssaker
Delegerte vedtak - Bjørgvin bispedømeråd møte 3. juni 2020
Referatsaker
Tilsettingssaker
Tilsetting av sokneprest i Sunnfjord prosti med Høyanger sokn og Kyrkjebø sokn som tenestestad

Protokoll: Sjå lenke nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"