Bispedømerådet drøfta pilegrimsarbeid

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i sitt møte 24. april sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik og drøfta planar og strategiar for pilegrimsarbeidet både nasjonalt og lokalt.

Bispedømerådet drøfta nasjonal pilegrimsstrategi og eit mogeleg retreat- og pilegrimssenter. Foto: Knut Magne Nesse.

Bispedømerådet tilsette Johannes Hystad Pettersen som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, med Eidfjord og Kinsarvik som tenestestad.

Høyringssvar - Langtidsplan for pilegrimsarbeidet i Norge 2019-2037

Bispedømerådet foreslår ein ny tittel på planen: «Pilgrimsleden – en reise som beveger.» Dei la vekt på at kyrkja er sentralt plassert i alt pilegrimsarbeid og at den er ein sjølvstendig innhaldsleverandør.

– Både Selje og Røldal er sjølvstendige pilegrimsmål, sjølv om St. Olavsleden til Trondheim og Nidarosdomen har vore og er det sentrale, meiner bispedømerådet.  Dei vil også at Sunnivaleia frå Kinn til Selje bør nemnast som ei eiga lei.

Rådet er nøgde med at investeringane i Kystpilegrimsleia ber frukt og at den er høgt prioritert og at den er høgt prioritert og synleggjort i langtidsplan for det nasjonale pilegrimsarbeidet fram mot 2037.

Bjørgvin bispedømeråd anbefalar at det blir etablert to regionale pilegrimssentra for Kystpilegrimsleia i Bjørgvin, eitt i Bergen som hovudprioritet og eitt nummer to i Florø eller i Selje.  Eit slikt senter er ein stad for informasjon og ikkje eit pilegrimsmål i seg sjølv.

Bispedømet vil legge til rette for at satsinga på pilegrim som reiskap i kyrkjelydsarbeidt vert vidareført og  arbeide for fleire opne kyrkjer og sikre kvalitet og tilgjenge for det kyrkjelege innhaldet i det nasjonale pilegrimsarbeidet.

Fana prestegard som mogeleg retreat-/pilegrimsgard

Det er starta eit arbeid med å sjå på om det kan være mogleg å bruke Fana prestegard (prostebustaden) som ein framtidig pilegrimsgard eller retreatsenter. Bjørgvin bispedømeråd fekk ei orientering og oppmuntrar til at ein arbeidar vidare med dei skisserte planane.

Oppnemningar

Styremedlemer Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord 2019-2023

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande medlemmer til styret for Familiekontoret i Nordfjord for perioden 01.06.19 – 31.05.23:

Styremedlem:                  Anna Karin Wergeland Hansen, Sandane

Personleg vara:                Magny Aa Berge, Hyen

Styremedlem:                  Petter Bakke, Nordfjordeid

Vara:                                    Lars Helge Hopland, Nordfjordeid

 

Styremedlemer Bjørgvin Kirkelige fond 2019-2021

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande styremedlemmer til Bjørgvin Kirkelige Fond for perioden 2019-2021: Ola Grytten, Atle Sylvarnes og Asgeir Remø. Perioden er frå årsmøte til årsmøte.

Medlemer til representantskapet Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Bergen

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande medlemer til representantskapet i Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Bergen:

Medlemer:

Mette Nora Sætre

Jan Ove Fjelltveit

Varamedlemer:

Marit Bjørsvik

Nils Ivar Honningdal 

 

Bispedømerådet vedtok også budsjett for 2019.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"