Biskopen møtte soknerådsleiarane

På dagen før vigslinga til ny biskop, møtte Ragnhild Jepsen omlag 90 soknerådsleiarar som var samla i St. Jakob kirke. Dei mange representantane for sokna i Bjørgvin fekk også møta representantar for vår vennskapskyrkje på Cuba, St. Jakob ung kyrkje og Ungdomsrådet, i tillegg til å få gode samtalar med kvarandre.

Ragnhild Jepsen i samtale med (f.v.) Helge Dyrkolbotn, Austrheim, Jostein Gryte, Askvoll og Solfrid Kleiven, Ask.

– Det er kjekt å bli invitert til ei slik historisk hending, seier Helge Dyrkolbotn som er soknerådsleiar i Austrheim. – Det er viktig kven som er biskop, seier Jostein Gryte frå Askvoll. – Biskopen har ei viktig leiarrolle. Ein biskop må vera synleg og tilgjengeleg, meiner Helge, – og samlande, tilføyer Solfrid Kleiven frå Ask. 
Ein del av samlinga var ein samtale rundt borda der soknerådsleiarane var samla alfabetisk etter namn på soknet. 

Vi møtte to av soknerådsleiarane etter samlinga, då hadde ein del av dei teke turen bort i domkyrkja, der det var skriftemålsgudsteneste, ein fast tradisjon dagen før ei bispevigsling.
– Det var godt å møta så mange som er opptekne av det same som eg, seier Rune Garmann frå Masfjorden  – Det var særleg fint å få snakka om kva vi er stolte av i sokna våre, vi hadde så mykje på hjarta at den bolken gjerne kunna ha vore lenger. Eg fekk og med meg ein idé då nokon andre fortalde om generasjonsgudstenester, det skal eg ta med meg heim, seier Rune som også synest det var fint å få med seg impulsar frå Cuba.
Også Anne Jorunn Lindevik frå Etne hadde reist til Bergen dagen før vigslinga for å få med seg samlinga i St. Jakob. – Det var ei oppmuntrande samling. Det var kjekt å snakka med dei andre rundt bordet og få dela med kvarandre. Eg sette også pris på å få høyra om kyrkja for unge i St. Jakob. Det er viktig for oss å kjenna til dette når vi sender våre ungdomar heimefrå, seier ho.

Det er her biskopen skal vere

– No kjenner eg at eg er mellom mine, sa den komande biskopen då ho fekk ordet. – Det er her biskopen skal vere. Det er dette vi er saman om: Å gjere kyrkja i Bjørgvin truverdig, å legge til rette for at kyrkja skal vere over alt i bispedømet, å vite at vi er del av ei verdsvid kyrkje, i dag med våre systre og brør frå Cuba saman med oss og å forkynne med ord og i handling den oppstadne Jesus Kristus!
Den komande biskopen minna i si helsing om korleis Jesus samla medarbeidarar rundt seg. –  Han kunne bruke alle slags folk, og spurte vel ikkje så mykje etter bakgrunn og kvalifikasjonar (sjølv om han hadde ein dragning mot fiske), snarare om dei var villige til å gje tid, krefter og evner inn i prosjektet som heiter Evangeliet til jorda.

Vitnemål frå Cuba

Det gjorde inntrykk på mange å høyra vitnemål frå tre av dei seks gjestene frå Cuba. Dei kunne fortelja om korleis dei har kome til tru og har funne ein plass i Den lutherske kyrkja sitt arbeid med bl.a. det KRIK-liknande ungdomsarbeidet CRED. Bjørgvin bispedøme sin koordinator for samarbeidet med kyrkja på Cuba, Kjell Ove Hatlem, fortalde at containeren med varer som kyrkjelydane i Bjørgvin har vore med på å samla inn til, no er på veg med skip til Cuba.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"