- Lat oss saman konkret vise kyrkjene sin solidaritet med det sudanesiske folket og kollegaer i den hardt pressa kyrkja i Sudan, står det i oppmodinga.
Forslag til kyrkjelege handlingar denne dagen:
- Bøn for Sudan under gudstenesta – bruk bøna frå denne sida, eller lag ei sjølv.
- Ta med informasjon om situasjonen i Sudan i kunngjeringar eller under kyrkjekaffien
- Samle inn kollekt til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Sudan, eller andre naudhjelpsorganisasjonar med arbeid i Sudan
- Del bøn for Sudan i sosiale medium og på skjermar i kyrkja
- Del uttalen på nettsider og andre plattformar
Meir ressursar finn du på nettsida til Norges kristne råd (sjå lenke nede på sida)
Framlegg til bøn
(sjå også vedlegg for bøn på både nynorsk og bokmål)
LAT OSS SAMAN BE FOR SUDAN
Evige Gud, all skapnings Far. Takk for at du har skapt oss, og for at du har like stort hjarte for kvart enkelt menneske.
Herre, du veit kor mykje vondt me kan gjera mot kvarandre. Hjelp oss mot vondskapens krefter her i verda.
No kjem me med ei stor naud: Dei enorme lidingane som rammar millionar av menneske i Sudan roper til deg. Mengda av vald, drap, overgrep, fordrivingar, svolt, redsle og gråt er for stor for oss.
Tilgi oss at me, i møte med lidingane som menneska i Sudan i årevis har levd under, har late vera å sjå. Men takk for at du ser, og maktar å bera.
Difor roper me no til deg: Miskunn deg over Sudan! Gjer slik at verdspolitikken tek krisa heilt på alvor.
Gå mellom dei som har makt over våpena. La våpenstraumen ta slutt. Stans brutaliteten. Skap fred mellom dei stridande. Gi mat til dei svoltne. La dei fordrivne få venda heim. Lindre smerta til dei overlevande.
Gi krefter, visdom og mot til dei som jobbar med naudhjelp, til helsepersonell slik at dei kan vere ditt omsorgsfulle hjarte og dine hjelpande hender.
Og me ber for oss: Gi at me ikkje lukkar auga for andre si naud, men også gir av det me har.
Om alt dette ber me deg, Fader, Son og Heilag Ande. Høyr oss for Jesu Krist skuld.
Amen
