Innføring av ny gudstenesteordning

Den norske kyrkja får ei justert gudstenesteordning frå 1. søndag i advent. I sommar vart det klart at dei liturgiske bøkene for prest og organist ikkje kjem før i november. Kyrkjerådet har difor bestemt at frist for å få godkjent lokal ordning er 1. pinsedag. I Bjørgvin skal biskopen ha inn vedteken ordning frå kvart sokn seinast 16. april 2021.

Kyrkjefagsjef Tore Skjæveland gjev i ein ny video gode råd til sokneråda i arbeidet med den nye gudstenesteordninga.

Det er kyrkjemøtet 2019 som har vedteke den justerte ordninga for å få ei likare og meir samlande gudsteneste i heile landet. Den største endringa er at talet på godkjende musikkseriar er redusert til fem og at det er litt færre alternativ, men det er stadig rom for lokal variasjon.

Lokal prosess 

I kvart sokn er det tid for å starta planlegging av revisjonen av den lokale grunnordninga for hovudgudsteneste. Soknerådet har ansvar for å utarbeida framlegg til Lokal grunnordning for gudstenestelivet i kyrkjelyden. Biskopen sende i mai brev om ordninga, og no er tida inne for å planlegga prosessen. 

Sjå denne videoen før soknerådsmøtet som ei hjelp til å koma i gang.

  

Brevet frå biskopen og andre ressursar finn de her:

Enklare godkjenningsprosedyre

Kyrkjemøtet vedtok òg endringar i allmenne føresegner, bl.a.: «Biskopen kan i særskilde høve godkjenna eit opplegg for hovudgudstenesta som avvik frå den gjeldande ordninga.» Det vart vedtatt ei forenkling i godkjenningsprosedyren ved at kyrkjelydane ikkje treng å søka om biskopen si godkjenning for sin lokale grunnordning, men berre sender denne til biskopen via prosten.  Dette er under føresetnad av at den lokale grunnordninga ikkje avvik frå den vedtekne ordninga som den står i gudstenesteboka. Dersom den på nokon område avviker, må kyrkjelyden søka biskopen om godkjenning.

Frist for innsending av lokal ordning og søknad om evt. unntak er 30. oktober 2020. Dersom ein har problem med fristen kan prosten gje utsetjing til 1. pinsedag med innlevering 16. april 2021.

Eit levande gudstenesteliv

Dersom ein av og til, men ikkje oftare enn kvar fjerde gudsteneste, vil prøva nye grep for å nå nye målgrupper kan ein gjera det utan å måtta søka særskild om det, berre informera prosten. Foto: Daniel Tveit.

I brevet til kyrkjelydane, som var sendt ut 26. mai, skriv biskopen at han ynskjer at dette arbeidet for å fornya gudstenesta skal føra til eit levande gudstenesteliv der menneske i alle aldrar kan kjenna seg inkludert og heime. – Det er kanskje nokon som reagerer på at gudstenestemusikken vert meir einskapleg og ein del alternativ er tatt bort. Det er gjort for å opna gudstenestene for fleire ved at det vert mindre skilnad frå stad til stad så ein kan kjenna seg igjen. Eg vil særskild be soknerådet legga vekt på at gudstenestene skal vera lett tilgjengeleg for dei som ikkje går så ofte. Gudstenesta skal vera ein stad der vi kan oppleva eit møte med Gud, får høyra om frelsa i Jesus Kristus og oppleva fellesskap med kvarandre, skriv biskopen.

Både gjenkjenning og rom for nye grep for å nå nye målgrupper

Hovudgudstenesta som høgmesse vil vera det normale, men ikkje den einaste gudstenesta. – Eg vil oppfordra sokneråda til å ta i bruk dei variasjonane som er og å laga ei fast familiegudsteneste slik at barnefamiliar kan ha ei gudsteneste dei kjenner igjen frå gong til gong. Dersom ein av og til, men ikkje oftare enn kvar fjerde gudsteneste, vil prøva nye grep for å nå nye målgrupper kan ein gjera det utan å måtta søka særskild om det, berre informera prosten, skriv biskopen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"