Stor innsats i kyrkjene i 2021

I 2021 har tilsette og frivillige i kyrkjene i Bjørgvin arbeidd hardt for å gjennomføra gudstenester, dåp, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Dette har ein til dels klart godt, men det har som venta vore vanskeleg å samla mange menneske om gongen i nok eit år prega av smitteverntiltak, viser årsrapporten frå Bjørgvin biskop og bispedømeråd.

Sokneprest Margrethe Ølberg og konfirmantar i Odda fekk besøk av prest Thor Haavik og eit team frå Bjørgvin bispedøme som har møtt over 2000 konfirmantar i 2021. Foto: Anine Vieth Mildestvedt

Størst auke i landet på gudstenester

Det har vore eit klart mål i mange kyrkjelydar å koma tilbake til fysiske samlingar. Bjørgvin er saman med to andre bispedøme dei som har hatt størst auke i talet på gudstenester frå året før, med 10 prosent auke. Talet på deltakarar har auka med ni prosent, det er flest i landet. Målt mot «normalåret» 2019, ligg ein framleis åtte prosent bak i talet på gudstenester, medan deltakinga er heile 52 % under den gongen. – Dette viser at ein har vore flink til å opna opp for gudstenester igjen etter stengte periodar og at folk kjem tilbake til gudstenestene. Det er vanskeleg å peika på sikre grunnar, men prostane, som er prestane sine næraste leiarar i kvart prosti, viser til to forhold; tilsette som sto på og snudde seg rundt etter som restriksjonane endra seg og at ein hadde fleire dåpsgudstenester, skriv Bjørgvin bispedøme i årsrapporten sin.

Fleire bryllup

Etter eit år då mange måtte avlysa planlagde bryllaup, er det no fleire som giftar seg i kyrkja, 596 par i Bjørgvin.

Stabil konfirmasjon

Konfirmasjonane vart dei fleste stader flytta frå våren til hausten, men delen konfirmerte av døypte 15-åringar har halde seg på 86 % i 2021, det er det same som i 2020. Å gjennomføra konfirmasjonsundervisninga har vore ei stor utfordring, men bispedømet har prøva å bøta på dette ved å senda eit team av unge rundt til ein del kyrkjelydar for å ha aktivitetsdag med konfirmantane. Om lag 3000 konfirmantar, dvs. 60 % av konfirmantane, fekk oppleva eit slikt tilbod.

Mange dåpsgudstenester

Det har blitt halde mange gudstenester med dåp og det er auke både i talet på døypte og på delen døypte av fødde i høve til 2020. Tala er likevel litt lågare enn tala for 2019, då vart 59 % av alle fødde i Bjørgvin døypte, i 2021 var det 54 %. Kor stor del av kyrkja sine medlemer som døyper borna sine, finst det ikkje statistikk for enno.

Trusopplæringa for born ulike aldrar har i 2021 kunna gje fleire tilbod enn året før, men oppmøteprosenten er ein liten tanke lågare, i snitt er den redusert frå 52 % til 50 %.

Gravferd

Nesten ni av 10 døde, vert gravlagde etter Den norske kyrkja sin seremoni. Tal på kyrkjeleg gravferd i prosent av døde, viser ein liten tilbakegang på frå 87,9 til 87,6 %, dvs. at med om lag 16 kyrkjelege gravferder til i 2021, ville ein ha halde seg på same nivå som i 2020.

Samfunnsansvar

– Medlemsundersøkinga som vart gjennomført i 2021 understrekar at medlemmane i det store og heile er nøgde med kyrkja si, og med dei tenestene dei får i ulike møtepunkt. Kyrkja har på linje med andre tatt stort samfunnsansvar ved å følgje solidarisk opp om smittevernsrestriksjonane. Det har gjort at ein har redusert aktivitet og at det vil ta tid å innarbeide nye vanar med tanke på gudstenestedeltaking og ikkje minst barne- og ungdomsarbeid, heiter det i årsrapporten. Det vert peika på at ein, som i resten av samfunnet, har ein jobb å gjera for å legga til rette for frivillig innsats i inneverande år. Dette er då også ei av satsingane i bispedømet i 2023.

Statistikk frå kvart sokn

Årsrapporten frå Bjørgvin bispedøme byggjer på fleire viktige kjelder:

  • Kvart sokn sender i januar inn ei rekkje tal frå eiga verksemd til Statistisk sentralbyrå (SSB). Desse tala blir ikkje offentleggjort som endelege tal før i juni, men den 15. mars offentleggjorde SSB dei tala som har kome inn. Dette er mellombels tal, erfaring viser at det kan vera nokre manglar og feil som ein prøver å retta opp før endelege tal kjem i juni.
  • Den norske kyrkja sitt eige medlemsregister.
  • Den norske kyrkja sitt eige rapportsystem og årsrapportsamtalar knytt til trusopplæringa.
  • Rapportar frå prostane.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"