Temakveld med biskopen: Miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk

Praktisk informasjon

Dato:21.3.2024

Tid:19.00

Stad:Bergen domkirke

Arrangør:Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke

Miskunn - bioteknologi og fosterdiagnostikk

Ei av dei fire guddomlege systrene omtala i Magnus Lagabøtes landslov har namnet Miskunn. I Kristenretten frå Moster i 1024 heiter det at det ikkje lenger er lov å setje barn ut i skogen for å døy.

Biskopen har to samtalepartnarar denne kvelden. Den eine er Geir Sverre Braut, professor ved Høgskulen på Vestlandet og seniorrådgjevar ved Stavanger Universitetssjukehus. Braut er medlem i bioteknologirådet og spesialist i samfunnsmedisin.  Den andre er Kari Elster Moen. Ho sit i inkluderingsutvalet i Bjørgvin bispedøme og er leiar i Bergen lokallag av Norsk Forbund for utviklingshemmede (NFU).

Overskrifta for samlinga er nettopp miskunn, og temaet er bioteknologi og sorteringssamfunnet. Kristenretten på Moster stadfesta vern om det svakaste livet der ein før hadde teke val for liv som skulle eller ikkje skulle få vekse opp. I vår tid set vi ikkje barn ut i skogen for å døy. Men vi har både midlar og makt til å gjere val for det mest sårbare liv. Bioteknologilova frå 2020 gjev tilbod om tidleg ultralyd til alle gravide, og tillet fostervatndiagnostikk med blodprøve av mor, den såkalla NIPT-testen. Særleg det siste endrar tilhøvet mellom sjølvbestemming og prinsippet om eit samfunn med plass til alle. Biskopane i Den norske kyrkja har uttrykt bekymring for at lovendringa frå 2020 kan føre til eit mindre mangfaldig samfunn, der levedyktige foster med ulike tilstandar vert valde bort på grunn av sine eigenskapar. Kva for fylgje kan ein slik praksis få for menneskeverdet og korleis skal vi med desse muligheitene  forstå verdien av mangfald, svakhet, sårbarhet og rikdom. Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn?  Korleis forstår vi verdien miskunn i dette perspektivet?

Gjest: Professor Geir Sverre Braut. Medlem av Bioteknologirådet.

Inngang: 100,- kr. Vipps: 90786  

Temakveldane er ein del av Landslovjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster. 

Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.

Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn?  Kva seier "Guds dotter Miskunn" oss i ei tid der bl.a. fosterdiagnostikk gjev oss nesten grenselause høve til å påverka liv? Ill: Utsnitt av maleriet "Guds fire døtre" av Anne Hesvik. Foto: Bo Mathys
Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn? Kva seier "Guds dotter Miskunn" oss i ei tid der bl.a. fosterdiagnostikk gjev oss nesten grenselause høve til å påverka liv? Ill: Utsnitt av maleriet "Guds fire døtre" av Anne Hesvik. Foto: Bo Mathys
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.