Fagdag: Å ta vare på seg sjølv i møte med andre

Praktisk informasjon

Frå:9.11.2026 - kl.09.00

Til:9.11.2026 - kl.15.00

Stad:Sælen kirke

Arrangør:Bjørgvin bispedøme

Fagdag for undervisningstilsette (men open for andre interesserte).  Om stressmestring,
eigenomsorg, relasjonar og utfordrande situasjonar i møte med barn og
unge, og ved oppstart og drift av ulike aktivitetar og grupper.
Program ved "13-20 diakonane" i Bergen. Maria Aasheim Grosås og Maria Renså

På fagdagen 9. november vil ein ta opp stressmestring og eigenomsorg, knytta til blant anna oppstartsfase og handtering av grupper, relasjonar og utfordrande situasjonar.
- Dette er tema der de sjølv har store mengder kunnskap og erfaringar. Difor
kjem vi til å legge opp til ein fagdag med noko in-put frå oss i
samtaletilbodet 13-20, men med fokus på erfaringsdeling, casearbeid,
refleksjon og diskusjon, skriv kurshaldarane i invitasjonen som er sendt ut til undervisningstilsette i Bjørgvin.

Dei ber deltakarae om å reflektere litt rundt følgjande spørsmål i forkant av fagdagen:

  • Korleis kjenner du på stress i din kvardag? I kva situasjonar kjenner du
    at du løftar skuldrene?
  • Når du møter menneske i jobben din; I kva situasjonar kjenner du at det er
    vanskeleg? 
  • Kva er viktig for deg/dykk i oppstarten av eit konfirmantår, nye grupper o.l.?
    Kva blir gjort og prioritert?

 

Klikk her for påmelding
Maria Renså og Maria Aasheim Grosås frå samtaletilbodet 13-20 skal snakka med tilsette om å ta vare på seg sjølv. Foto: www.13-20.no/bergen (fotomontasje)
Maria Renså og Maria Aasheim Grosås frå samtaletilbodet 13-20 skal snakka med tilsette om å ta vare på seg sjølv. Foto: www.13-20.no/bergen (fotomontasje)