Diakonikonferansen 2026
Praktisk informasjon
Frå:12.11.2026 - kl.08.30
Til:12.11.2026 - kl.15.30
Stad:Salem konferansesenter
Arrangør:
Verda er prega av aukande uro. Samstundes ligg det både håp og ansvar i tida vi står i. Med dette som utgangspunkt blir Diakonikonferansen arrangert 12. november under overskrifta «Den gode nabo».
Korleis kan vi vere gode naboar i ei tid prega av uro, aukande forskjellar og store samfunnsutfordringar? Dette er utgangspunktet for Diakonikonferansen 2026, som blir arrangert i Bergen 12. november under overskrifta«Den gode nabo». Konferansen vil løfte fram diakonien si rolle i å byggje fellesskap, styrkje inkludering og skape håp og handling i lokalsamfunna våre. Deltakarane vil få faglege innspel, inspirerande døme frå diakonalt arbeid og møte sentrale stemmer frå kyrkje, samfunn og frivillig sektor.
Påmelding til Diakonikonferansen 2026 finn du her:
https://event.checkin.no/226101/diakonikonferanse-2026
https://event.checkin.no/226101/diakonikonferanse-2026
