Ungdomstinget er ei inspirasjonshelg for læring og demoktratitrening. Der vert det også vald eit ungdomsråd som arbeider med saker mellom ungdomstinga og er eit rådgjevande organ for bispedømerådet. Ungdomsrådet er arrangør av ungdomstinget og dei seier :
«Ungdomstinget er ein sosial og kristen samankomst der me tek opp saker som angår ungdom i kyrkjelydane i Bjørgvin bispedøme. Dette er ein stad for ungdom som ynskjer å gjere ein forskjell i kyrkja. Dette er eit kjekt og sosialt arrangement der ein skapar gode vennskap og har mykje moro. Det er ei god erfaring for ungdomar i kyrkja. Me ynskjer å sjå dykkar ungdomar på ungdomstinget 2016».
Fredag 11.mars:
17.00 : registering , mat
19.00 : puslespill- Gudsteneste for Ungdom, open for alle
20.30 : kirkekafé
22.00 : bli kjent program, for delegatar
Lørdag 12.mars:
08.30 : frokost
09.30 : konstituering
10.00 : orientering
10.30 : saksorientering
11.30 : komitegrupper
13.00 : foredrag
14.00 : lunch
15.00 : komitegrupper
16.00 : plenum/fellesdiskusjon
18.00 : val av nytt Ungdomsråd
19.00 : partymiddag
21.00 : lovsong
22.00 : kafe og kviss
00.00 : leggetid. NATTA!
Søndag 13.mars: Frokost - Vi går til gudsteneste - Heimreise
Dei som vil kan overnatta i kyrkja, ta med liggeunderlag og sovepose, pris 400,- pr pers for mat og opphald hele helga. ( Pleier å verte dekka av soknerådet )
Alle sokn kan senda 2 delegatar, valde av soknerådet. Dei må vera mellom 15 og 30 år. For store sokn med meir enn 10 000 medlemer, kan ein sende ein ekstra delegat pr 5000 medlemer.
Påmeldingsfrist er mandag 7. mars, påmelding skjer her: