Over 500 tilsette samla på stiftsdagane 2026

Stiftsdagane i Bjørgvin 2026 samla omlag 530 kyrkjeleg tilsette frå heile bispedømet. Tillit var hovudtittelen på møtet. Her kan du sjå videoopptak av nokre av føredraga. Det ligg også presentasjonar frå nokre av seminara.

Publisert:

Biskopen kunne møta over 500 kyrkjeleg tilsette på stiftsdagane i Bjørgvin 2026.
Biskopen kunne møta over 500 kyrkjeleg tilsette på stiftsdagane i Bjørgvin 2026.

Filosof Einar Øverenget hadde første dagen føredrag om tillit. Deretter spreidde dei mange stabane som hadde kome til stiftsdagane seg rundt i hotellet for å samtala med bakgrunn i det dei hadde høyrt. Så var det ein ny runde med filsofen, denne gongen med svar på spørsmål frå deltakarane.

Mandagen baud også på konsert med presentasjon av nye salmar frå salmediktar og prest Ingrid Melve. Dei mange faggruppene i kyrkja hadde eigne samlingar for administrasjon, diakoni, kyrkjebygg, kyrkjemusikk, prestar og undervisning.

Dagen vart avslutta med gudsteneste på hotellet, med tema Les Misérables, leia av sokneprest Åse Kristin Aagård og med sang av koret Sola Fide.

Rom for frivillig engasjement

Å skape rom for det frivillige engasjementet i menigheten var tema for to føredrag ved Dorte Kappelgaard og Tron Fagermoen frå MF vitenskaplig høyskole. 

Dette vart følgd opp av Irmelin Brun frå frivilligteamet i Bergen kirkelige fellesråd som konkretiserte dette med verktøy for frivillighet.

Alle føredraga kan du sjå opptak av nedanfor. (Starten på andre føredag av Einar Øverenget er diverre ikkje med).

Siste del av stiftsdagane var 21 ulike seminar. 

 

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"